Raus gåve til Storfjordens Venner

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Storfjordens Venner har hittil ikkje hatt ei sikker bålpanne til bruk på garden Ytste Skotet.
Storfjordens Venner er svært opptekne av alt som har med branntryggleiken på denne garden å gjere fordi vi vil vere ille ute om det skulle oppstå behov for brannslokking.
Vi var kjende med at Stranda Stålindustri AS lagar flotte bålpanner i rustfritt stål med inngravert namn på eigar. Vi bad om eit godt tilbod. Resultatet vart ei gåve. Bålpanna med fullt utstyr (m.a. gnistfangar, oppheng for kjele) har ein verdi av om lag 10.000 kroner.
Storfjordens Venner synest dette er ei utruleg flott gåve. Dette kjem mange til gode!!
I år vert det vertskap på garden i perioden 25. juni til 2. august.
Vi håpar menge vil gjere seg nytte av tilbodet om å besøke garden. Vi har prioritert ungar/skuleklassar, og då er det spesielt viktig at alt som har med tryggleik å gjere er godt teke vare på.