Søndagsforedrag i paktarstova på Norddal prestegard

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Førstkomande søndag er det på ny søndagsforedrag i regi av Stiftinga Norddal prestegard. Temaet denne gongen er: Historier om og ikring Nils Astrup, prest i Norddal 1879 til 1883 og seinare biskop i Natal. Foredragshaldar er Eystein Hjelme. Han har skreve om mangt og mykje, også historier om Astrup og dei mange ungdomane som følgde med familien Astrup til Natal, Sør-Afrika.
Astrup var ikkje prest i Norddal så lenge, men har likevel sett mange spor etter seg i bygdene her, særleg gjennom alle dei som fylgde med han og som kom heimatt med opplevingar frå ei fjern verd. Blant desse var Siri Viken, Gunnar E. Dale, Jakob Rødal, Andreas Kleiven, Lovise J. Dale, Jørgine Dale, Anna Sylte, Edel Sylte og Carl Døving.
26. april 1883 reiste familien Astrup med fylgje frå Noreg, og i Natal overtok Nils Astrup leiinga av Den Norske Kirkes Misjon ved Schreuder (NKMS) etter stiftaren Hans Paludan Smith Schreuder som døydde i 1882. Astrup vart seinare ordinert som biskop i Nidarosdomen for misjonen i 1902.
Sonen Johannes vart også prest, etterfølgde faren i misjonsarbeidet og vi veit at han også heldt vedlike kontakten med folk i Norddalsbygdene. At fleire misjonsforeiningar i bygdene her arbeidd for det som gjerne vart kalla Schreudermisjonen medverka sjølvsagt også til å vedlikehalde kontakten.