Stadnamnet Fjørå

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det har etter kvart dukka opp ein diskusjon om stadnamnet FJØRÅ mellom anna i Storfjordnytt.
Fjørå Vel vil også gje uttrykk for si meining eller rettare sagt bygda si meining om dette.
Det er litt rart at denne namnediskusjonen skal dukke oppatt no, 50 år etter at FJØRÅTUNNELEN vart teken i bruk. Off. åpning trur vi ikkje har funne stad anna enn frå scena på vårt kjære forsamlingshus FREDHEIM.
Folket i FJØRÅ hadde ein diskusjon om namnet i 1974 da tunnelen vart teken i bruk og det vart samrøystes vedteke på eit bygdemøte at namnet skulle være FJØRÅTUNNELEN. Det var diskutert ulike alternativ om kva namnet skulle være og argumentert både for det eine og det andre, men til slutt enda vi på FJØRÅTUNNELEN.
FJØRETUNNELEN var ikkje diskutert i det heile! Det eine var at bygdefolket såg litt fram i tid og hadde allerede i 1974 mista postkontoret og nummeret 6212 og såg endå litt lengre fram i tid at vi kanskje kom til å miste også skulen? Da ville etterkvart nesten alt med FJØRÅ-namnet bli utviska til fordel for Valldal. Enda seinare miste vi butikken!
Namnet FJØRÅ er frå gamalt av erstatning for SELVIK, SJØLBORBYGDA og enda lenger tilbake HAUGSBUKT.
Av personar som er borte for alltid og frå personar som lever i dag og er nærare hundre år, er det hevda at bokstaven Å er ikkje berre ein Å, men er også eit ord for elv som som renn i fjorden i bygda!
FJØRÅ er vel og eit SÆRNAMN og skal vel ikkje bøyast?? Det har heller ikkje noko med ei FJØR(E) å gjere! FJØRÅ VEL ber om at dei rette instansene tek mot til seg og seier at denne gongen tok dei feil, for vi meiner det er folket i FJØRÅ som har rett.
Vi føler rett og slett at vi skal kuast frå alle kantar. LINJA skriv at dei skal rydde skog i lågspent-traseen i FJØRA og ulike meglerfirma har i seinare tid hatt fleire hus til salgs i FJØRA og til og med kartverket har feil opplysningar i kart som blir utlagt i NAF si veibok 2024. Dei har plassert FJØRA på sørsida av fjorden UTAN VEG! Da unngår dei i alle fall FJØRETUNNELEN! Men folket i FJØRÅ seier som i KIWI-reklamen: VI GJEV OSS ALDRI PÅ FJØRÅTUNNELEN-NAMNET.