Stordalselva blir midlertidig stengt for fiske frå komande tysdag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I går, torsdag 27. juni, var det styremøte i Stordal Elveeigarlag – og der kom eit samrøystes styre til at elva skal stengast midlertidig frå tysdag 2. juli klokka 24.00 og førebels fram til 15 juli.
Det er den spesielle situasjon rundt innsiget til laksen som gjer at styret velger å vere «føre var» for å ha litt sikkerheit for nok gytefisk til hausten.
Om det viser seg at innsiget/oppgang av laks til elva er «som normalt» i første halvdel av juli, blir elva opna for fiske frå og med 15 juli.
– Vi skal utføre midtsesongevaluering i perioden 10-13 juli med drivteljing og eventuelt undervass videokamera – om vassføringa tillet det, seier styreleiar Jarle Hove i pressemeldinga
Opplysningar om resultatet frå teljinga vert lagt ut på facebooksida til Stordalselva når denne er klar. Det vert også sendt ut e-post til alle medlemmar i laget med informasjon om den midlertidige stenginga – i tillegg til ny e-post før 15. juli, om resultatet av teljinga.