Ta vare på naturen!
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
5. juni er Verdsmiljødagen. Dette er den største miljømarkeringa i verda, og Fjord SV markerer dagen kvart år. Naturen har eigenverdi og er uvurderleg for oss menneske. Den gir oss mat, medisinar, opplevingar, byggjemateriale, vern mot ekstremvêr og mykje meir. No er naturen i krise. Vi har bygd ned leveområda til plantar og dyr i eit forrykande tempo. Vi ser store tap av naturmangfald og biologisk mangfald og stor auke i avfall. Klimaendringane fører til hyppigare og kraftigare ekstremvêr.
Vi kan ikkje halde fram med å overutnytte og misbruke naturen. Naturkrisa er global, men naturen er lokal. Det betyr at løysinga på krisa også byrjar lokalt. Her i Fjord kommune. Og heldigvis er det mykje vi kan gjere. Arbeidet med ny arealdel til Kommuneplanen i gang. Det er ein gyllen sjanse til å gjere ein innsats for å stanse naturtapet og snu den negative utviklinga på kloden: vi må gi naturen ei sterkare stemme, også i kommunestyret.
Planprogrammet for ny arealdel har nettopp vore på høyring. Der står det at Plan- og bygningslova krev at alle arealplanar skal beskrive korleis planen vil påvirke miljø og samfunn og at planen skal gi ei forsvarleg arealforvaltning med omsyn til naturfare, klimaendringar og bevaring av natur-, kultur- og verdsarvområde i kommunen. Vi spør: er det ikkje nok hytter i Fjord kommune no?
FN sitt tema for Verdsmiljødagen 2024 er «Global reparasjon av jordkloden vår»: reparasjon av hav og land, av klima og miljø. Bli med – bli ein del av generasjon reparasjon!