Blue Horn Jazzband avsluttar Kyrkjehola kulturbeite

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Gammalt og godt! Flott og blått! Desse stikkorda kan passe på avslutningskonserten til Kyrkjehola kulturbeite i Rosekyrkja laurdag 24. august. Blue Horn Jazzband frå Sykkylven har halde på sidan 1997 og tre av medlemmane i den opprinnelege gruppa er framleis med. Bandet har også med musikarar frå Ålesund, Volda og tidvis frå Langevåg. Dei har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke og ei kompgruppe med kontrabass, banjo og trommer, og har hatt fast vokalist sidan 2006. Bandet har delteke på ei rekkje tradjazz-festivalar i Skandinavia, dei har vore på jazzcruise på Nilen og dei har gitt ut tre CD-ar!
Blue Horn spelar gjerne det som blir kalla tradjazz, Hot Jazz eller Dixieland. Sjangeren har fått fleire namn og variantar. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stilforma er gjerne knytt til trad- og swingperioden si glanstid, 1920 -1940.
Repertoaret spenner frå vakre balladar til spenstig swing, der det er vanskeleg å halde godfoten i ro. Blue Horn har etterkvart utvikla eit eige kyrkjerepertoar som spenner frå amerikansk gospel og tradisjonsmusikk til norske og nordiske salmeskattar – framført i bandet si eiga stilmessige tolking. Bandet er prega av godt samspel og gode solistar – og ikkje minst; god kontakt med publikum. Det er duka for godt humør og gode opplevingar i Rosekyrkja!
Besetninga på konserten i Kyrkjehola kulturbeite kjem til å vere: Halstein Kurseth, banjo/gitar/vocal – Stein Lied, trommer – Sveinung Utgård, bass – Margrethe Velle Ødegård, vocal – Thore Senneset, tenorsax – Arnfinn Grebstad, klarinett, altsax, fløyte – Jan Lade, trompet, flygelhorn – Askjell Molvær, piano.