Stig Ulv sesongopnar Kyrkjehola kulturbeite

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Kyrkjehola kulturbeite i Stordal sin opningskonsert i 2024 er av det rolege og stemningsfulle slaget. Ørstingen Stig Ulv skal laurdag 3.august fylle den vesle Prestestova i Stordal bygdetun med gitardikt og instrumentalmusikk.
Stig Ulv er ein strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feira han ti år som soloartist og i 2022 var han klar med bok. Boka fekk namnet, Strengar av ord, og ein konsert med Stig Ulv inneheld no både musikk, opplesing og bilete.
Gitaristen frå Ørsta har sakte, men sikkert, tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet. Han har pakka koffertane med instrumenta i bilen, og køyrt tusenvis av mil for å møte dei som har trengt ei pause frå kvardagen. Alle dei som helst vil lukke auga, vende blikket innover og ta med seg musikken til Stig Ulv på reisa. Fingrane hans flyg ikkje over gripebrettet for å imponere, men for å fange stemningane i den vestlandske naturen, i sorg og melankoli.
Men ei konsertoppleving med Stig Ulv byr også på latter og i blant latterkrampe. Han kommuniserer direkte med sine tilhøyrar gjennom sjølvironiske anekdotar. Han tar ikkje seg sjølv alvorleg – men tilhengjarane tar absolutt Stig Ulv seriøst. Tekstane på melodiane inneheld både humor og alvor, men Stig Ulv sin signatur vil du finne i både tekst og musikk.
Kyrkjehola kulturbeite skal elles arrangere 3 konsertar til utover i august. Alle dei konsertane blir i den vakre Rosekyrkja.