Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Strabasiøs slåttdugnad på Ytste Skotet

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Slåtten på Ytste Skotet skal utførast seint på året slik at dei spesielle plantane vi har ansvaret for å ta vare på der får høve til å frø seg.

Saken fortset etter annonsa

I år var dugnaden planlagt 23-25. august. Av diverse årsaker vart det ikkje mogleg å gjennomføre denne som planlagt. Ny dugnadshelg var bestemt til 27-29. september.

Denne helga veit vi at det ikkje var dei aller beste tilhøva for å slå gras! Men ingen ting stoppar ein dugnadsgjeng i Storfjordens Venner!

Slåtten var altså gjennomført. Neste vår ventar fine, grøne bøar oss på Ytste Skotet!

Slåtten vart gjennomført som planlagt, sjølv om det var kvitt her og der.