Lat oss snakke om det!
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
10. september er Verdsdagen for førebygging av sjølvmord. Dagen vart markert også i Fjord kommune – og gledeleg var det å sjå både politisk og administrativ toppleiing i kommunen stille på markeringa!
Storfjordnytt er med på eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK. Ei rekkje lokalaviser tar del i dette – og vår grunngjeving for å vere med, er at psykisk helse i alle formar er noko vi snakkar for lite om. Psykisk helse er lite framme i den offentlege diskusjonen – for ikkje å snakke om folk imellom.
Storfjordnytt vil framover ta føre seg kommunen og pirke litt i kva kommunen gjer og ikkje gjer med omsyn til både førebygging og ivaretaking når det verste skjer. Vårt mål er å løfte fram temaet, og forsøke å bidra til at psykisk uhelse og sjølvmord blir litt mindre skambelagt og litt mindre tabu.
Vi har også lyst til å høyre frå dykk som har opplevd at nokon av dykkar nære har avslutta livet sitt og fortelje dykkar historie. For som psykiatrisk sjukepleiar Nils Petter Lian sa på markeringa tysdag kveld: det er viktig å fortelje, det er viktig at nokon gir eit ansikt til dette temaet. De skal vite at dersom nokon av dykk kan tenkje dykk ein prat med oss, så skal vi gjere vårt ytterste for at det gjerast både med respekt og omtanke.