Må vi revurdere verdsarven?
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det er ikkje berre berre å drive nærings- og samfunnsutvikling generelt og i Raudbergvika spesielt. Førre veke møtte Fjord kommune motsegnspartane til meklingsmøte, utan at det kom noko ut av det. Om det er slik som ordføraren i Fjord har ei kjensle av, at verdsarven ligg og «trykkar» i bakgrunnen her – og at grensa for kvar verdsarven går vert «snikflytta», så er det all grunn til å reagere. Kanskje ein også etter kvart må ta ei vurdering på om ein er tent med verdsarven når den blir brukt som argument for å stoppe tiltak som elles kan vere eit gode for bygdene våre.
Det vart ikkje definert nokon omsynssone kring verdsarven – enten er ein innanfor eller så er ein utanfor. Raudbergvika vart heilt bevisst halden utanfor då det vart søkt om verdsarvstatus. Kvifor? Fordi det var pågåande gruvedrift der. Og det passar seg jo ikkje i verdsarven. Og er det ikkje verdsarv, så er det anna vern – eller naturfare slik som flaum og skred. Det er ikkje lett å finne areal som er heilt trygt for verken budstader eller næring. Dermed, når noko kan leggjast i fjell, så bør det, uavhengig av om det er oppdrett, parkering eller anna, ønskast velkomen.
Om dei med motsegner til Raudbergvika held på sitt, så bør dei vere konsekvente nok til å seie nei den dagen dei får sak om å lage til parkeringsplassar i Geiranger – inne i fjell. I prinsippet tilsvarande sak som Raudbergvika… Det blir spennande å følgje begge saker vidare!