Skatten for dei med god råd
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Førre veke inviterte Fjord kommune til informasjonsmøte i Stordal. Eigedomsskatt var eitt av emna det skulle orienterast om. Det førte til at folk nærast gjekk mann av huse for å vere til stades. Frå min plass i Grendasalen kunne eg sjå folk frå så godt som alle bygdene i kommunen. Bra! For dette er ei sak som bør vere av interesse for alle.
Inntektene – slik det har vore antyda – dette vil gi kommunen, er «ein drope i havet» i kommunebudsjettet. Desse summane bør det vere mogleg å ta inn på anna vis. Og politikarane bør hugse på kva Statsforvaltaren har sagt til dei fleire gongar: med dei store ekstrainntektene Fjord har frå eigedomsskatten kommunen allereie har, er det eigentleg ingen grunn til at kommunen skal slite økonomisk. Faktisk meiner Statsforvaltaren at det skal vere godt rom for både å drifte i pluss og samtidig fylle på sparekontoen. Verd å ta med seg. Og det viser at det bør vere rom for å sjå på korleis ein driftar kommunen.
Eigedomsskatten slik den ligg an til vil ikkje på noko vis vere sosialt utjamnande. Det er kanskje vrient å begripe det for dei som har ein relativt romslig økonomi, men alle har det ikkje slik. Dei som allereie slit med å få endane til møtast, enten det er næringsliv eller privatpersonar, dei vil berre få det endå verre. Skatten vil ikkje bidra til at dei som strevar aller mest får det betre, slik enkelte hevdar. Tvert om, vil eg seie. Det som no er føreslått er usosialt og vil kunne vere ein siste spiker i kista for mange næringsdrivande og privatpersonar. Er det det vi vil?