Søkkvått
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Om vêrmeldingane slår til, vil det særleg torsdag og fredag vere søkkvått i Storfjordnytt sitt område. Aller våtast skal det vere torsdag, fredag vert det litt mindre vått, men desto meir vindfullt.
I lys av dette, håpar eg at folk har førebudd seg som best dei kan – og dessutan er det jo den store eigenberedskapsveka no, der vi vert minte på at det kan vere greitt å ha litt ymse lagra heime slik at vi greier oss nokre dagar om noko skulle skje.
Vêret er også ei utfordring for dei som skal ut på tur. Geiranger-Langvatn er i skrivande stund stengt og vegen skal vurderast fredag 1. november. Det er også stengt frå Slettvikane og opp på Trollstigplatået. Om dette vêret held fram, er det ikkje utenkjeleg at vegane ikkje opnar att før til våren…
Og når det er så vått og mørkt, håpar eg at alle gjer seg godt synlege om dei skulle våge seg ut i møkkavêret. Det er ingen grunn til å ta unødige sjansar!
Men det er jo positive ting som går føre seg også: denne veka var NRK Møre og Romsdal på besøk hos to av skulane våre for å gjere opptak til Klassequizen. Storfjordnytt var sjølvsagt til stades under opptaka, både på Stordal skule og på Eidsdal skule, men kva resultatet vart, det får de ikkje vite. De får heller smøjre dykk med tolmod til litt uti komande veke. Stordalselevane vert å høyre på «lokalen» komande onsdag og elevane frå Eidsdal skule går på lufta dagen etter, altså torsdag. Vi kryssar fingrane for dei alle!