Usikre tider
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Førre veke kom meldinga om at Sitwell er historie. Det er utruleg trist, ikkje minst for dei som no har mista jobben sin!
Det er ei velkjent sak at dei aller fleste bedriftene i Fjord kommune driv med små marginer – og såleis er sårbare for endringar rammevilkåra. Eg tør ikkje tenkje på korleis det vil bli dersom eigedomsskatten som har vore diskutert lenge, faktisk vert innført. Kan hende det kan vere dropen som får det til å renne over for fleire. Det er ikkje sikkert det blir slik, men sjansen er der… Det er nemleg svindyrt å sitje med tusenvis av kvadratmeter næringsareal det er liten inntening på, og dyrare vert det altså om arealet vert skattlagt. Mange går altså ei relativt usikker framtid i møte, økonomisk sett.
Så vil de kanskje etter kvart leggje merke til at vi har ein ny spaltist med oss. Og om du meiner du har sett ho før, så stemmer nok det. I alle fall om du brukar biblioteket i Valldal. Ho er nemleg å finne der for tida. Det var slik vi kom i snakk også, om at ho kanskje kunne bidra no og då med noko. Denne første teksten hennar er ein nydeleg liten snutt om det å stake ut ein retning for livet. Eg har alltid misunt dei som «alltid» har hatt retninga staka ut for seg. På den andre sida, må ein ikkje la det stoppe ein dersom det dukkar opp noko heilt anna og spennande. Eg har aldri bestemt meg for kva eg vil bli «når eg blir stor», men eg har vore heldig – eg har fått sjansar i spennande jobbar og ikkje minst: eg har våga å hoppe i det og prøve. Det bør fleire gjere!
Eg håpar de tek vel imot den nye spaltisten, det kjem noko frå hennar hand innimellom i tida framover.