• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
Logo

lokalavisa for Indre

  • E-avis
  • Tips oss
Meny
  • Nyheiter
  • Sport
  • Kultur
  • Dødsannonser
  • Politikk
  • Landbruk
  • Næringsliv
  • Debatt
    • Kommentar
    • Leiar
    • Innlegg
    • Send inn leserinnlegg
  • Notisar
  • Lesarbilete
    • 2023
    • 2022
    • 2021
    • 2020
    • 2019
  • Fotominne
  • Attersyn
    • 2003
    • 2002
    • 2001
    • 2000
    • 1999
    • 1998
    • 1997
    • 1996
    • 1995
    • 1994
    • 1993
    • 1992
    • 1991
    • 1990
  • E-avis
  • Storfjordnytt-Appen
Logg inn
  • Mi side
  • Bli abonnent
  • Kundesenter
  • Tips oss
  • Kontakt
  • Tenester
  • Annonsar
  • Abonnement
  • Om Storfjordnytt
LEIAR
3 minutter lesetid

Vi har blitt «moderne»

Slik ser Storfjordnytt-appen ut på telefonen til underteikna.
Britt Ingunn Maurstad
954 93 011
Publisert: 12 juni, 2024 22:47
Oppdatert: 12 juni, 2024 15:21
Share
Share on Facebook
Share
Share this

Har du syntest det har vore noko traurig og tungvint å lese Storfjordnytt på mobilen? Svaret er truleg eit rungande «ja!» på det. Det har vore eit styr med nettlesar og ymse anna – og frå fleire lesarar har det lenge vore ønske om ein app. 

Saken fortset etter annonsa

No kan eg dele gladmeldinga med dykk: vi har fått oss app vi også! Og det gjer livet for ein som gjerne les lokalavisa på telefonen så veldig mykje lettare. No er det berre å laste ned appen, den er sjølvsagt tilgjengeleg både for iOS og Android, logge seg inn og så har du lokalt lesestoff lett tilgjengeleg på telefonen. I desse snart ferietider kan det jo knapt bli betre, eller…?

Men så må eg minne om at for å kunne logge seg på appen, så må du ha abonnement med digital tilgang. Kjøp av abonnement, digital tilgang for eksisterande komplett-abonnentar og slike ting, må ordnast på nettet. Men så snart det er klart, er det berre å ta i bruk appen.

Og apropos ferie… Storfjordnytt-redaksjonen tek ferie i veke 28-31. Det betyr at papiravisa også tek sommarferie i denne perioden. Siste papiravis før ferien vert torsdag 4. juli – og så kjem avisa attende i postkassene til abonnentane torsdag 8. august. Forhåpentleg. For frå 1. juli vert det også endringar i omdelinga av avisene. Budfirmaet vi har nytta i alle år har meldt frå om at dei legg ned budrutene her på Indre. Dermed vert det Posten som frå 1. juli skal sørge for at papiravisene havnar i postkassene dykkar, også her lokalt. Det vert spennande å sjå korleis det vil gå! Ein ting som er heilt sikkert er at de av dykk som har vore vande med at avisa kjem grytidleg om morgonen, får avisa seinare på dag. Og dette gjeld ikkje berre Storfjordnytt, men også Sunnmørsposten og alt anna av papiraviser som budfirmaet fram til no har distribuert. Morgonkaffien må dermed nytast enten utan avis, eller med avisa digitalt. Då er appen super!

No er det berre papiravisa som om nokre veker tek fellesferiefri i fire veker. Nettavisa tek ikkje sommarferie – sjølv om det kan hende at det vert færre saker som vert publisert i ferievekene enn elles. Men til liks med helga vi har lagt bak oss, er det ein god del som går føre seg også når vi har ferie, så det er god sjanse for at du vil sjå nokon du kjenner i appen eller på nettet også i ferien.

Saken fortset etter annonsa

Det er kanskje litt tidleg å minne om dette, men eg gjer det likevel: Om du har noko som du vil ha med i siste papiravis før ferien, ber eg om at vi har det i hende seinast i løpet av måndag 1. juli. Men det er ei stund til det altså, så fleire påminningar om det vil kome.

Kos dykk med appen – og for å «stjele» ordlyden frå Sunnmørsposten og deira app: hald deg appdatert med Storfjordnytt-appen!

Du vil kanskje også lese

Snart slutt for BankID på mobil BookTok – verdas største bokklubb

Storfjordnytt
Postboks 134, 6211 Valldal
Olavsgata 8, 6210 Valldal

Organisasjonsnummer: 960 134 311
Bankgiro: 4020 05 01774

Kontakt oss
70 25 78 50
post@storfjordnytt.no
annonse@storfjordnytt.no

Redaktør og dagleg leiar
Britt Ingunn Maurstad

954 93 011

britt@storfjordnytt.no

Redaksjon
Tina Emilie Hoel

977 62 387

tina@storfjordnytt.no

Torbjørn Storås

954 28 005

torbjorn@storfjordnytt.no

Annonsar
annonse@storfjordnytt.no

Storfjordnytt er lokalavisa for Fjord kommune og tillegg dekkjer vi delar av Stranda kommune. Avisa kjem ut ein gong i veka, kvar torsdag.

Følgj oss

  • Facebook
  • YouTube

Kundeservice: Bestill abonnement // Elektronisk utgave // Annonsebestilling // Kontakt // Personvernerklæring

Storfjordnytt arbeider etter Vær varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk. Sjå også Redaktøransvar.

Storfjordnytt © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no