Vinteren er her
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Alle som kjenner underteikna, veit at eg ikkje er spesielt glad i snø. Og mange er nok dei som har lide seg gjennom «snømåking på Haugtun, sekund for sekund» på Facebook dei seinare åra. Eg har innsett at eg byrjar å bli gammal, og har tatt konsekvensane av det. Eg har minimert behovet for å brøyte med handemakt (berre delar av bakken), resten vert no gjort med maskinelt utstyr (eg har kjøpt meg snøfres!). Dermed kan det hende at det vært noko mindre syting over vinter generelt og snø spesielt i sosiale media frå meg i tida framover. I tillegg kunne Statens vegvesen denne veka fortelje at Geiranger-Langvatn er vinterstengt. Det vil seie: vinteren er her for alvor.
Men med vinteren nærmar også jula seg med stormsteg. Det byrjar så smått i denne avisa, vi har vore på julemesse og julemarknad – og i vekene framover vert det nok ikkje akkurat mindre av slikt. Det er ein fin måte for oss i redaksjonen å kome i julestemning på – og så får vi jo kanskje dytta litt julestemning i retning av dykk lesarar også. For sjølv om det er kaldt, kvitt og litt stusseleg ute, så er det utruleg kor varmt og triveleg det er inne når det vert invitert til julete aktivitetar!
Så skal vi heller ikkje gløyme at den største juletradisjonen av dei alle i kommune-Noreg snart står for døra: budsjett og økonomiplan. Det er også juleførebuingar. I alle fall for meg.
God førjulstid!