Storfjordnytt
2 minutter lesetid

16. mai startar B-ferja opp på sambandet Eidsdal-Linge – og dermed vert det også nye rutetider

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Møre og Romsdal fylkeskommune melder at frå 16. mai startar ein med to ferjer på sambandet Eidsdal-Linge, på fylkesveg 63 i Fjord kommune.

Saken fortset etter annonsa

I perioden med to ferjer, som varar fram til 30. september, bli det gjort endringar i rutetidene på sambandet.

Dette er endringane i to-ferjesesongen

• A-ferja vil ligge på Linge om natta og på grunn av dette blir siste avgang frå Eidsdal om kvelden innstilt i to-ferjesesongen.

• Første avgang for a-ferja blir frå Linge klokka 06.00 på kvardagar og klokka 06.30 på laurdagar og søndagar.

Endringa blir gjort på grunn av kviletid og beredskap.

Beredskap og kviletid

B-ferja vil vere beredskapsferje i perioden, og går til Liabygda når det blir beredskapstur. Avhengig av tidspunkt for beredskapsturen, kan dei første avgangane til b-ferja bli innstilt grunna kviletid for mannskapet. A-ferja vil gå som normalt.

Den nye rutetabellen finn du enten på Fjord1 sine sider eller på frammr.no.