Ny vurdering med omsyn til Trollstigen vert gjort i morgon, tysdag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Trollstigen er stengt etter at ein bil vart treft av ein stor stein måndag morgon. No melder Vegtrafikksentralen midt på X at ny vurdering av vegen vert gjort klokka 10 tysdag føremiddag.
Den kjende turistvegen vart opna for sesongen i byrjinga av juni etter grundige risikovurderingar. Det vart då varsla om at vegen kunne bli stengd på kort varsel på grunn av høg rasfare.
Ti dagar etter opning har steinar rasa ned i vegbana og Trollstigen er stengd på ubestemd tid, skriv NRK. Vegtrafikksentralen melder at området må sjekkast av ein geolog før vegen kan opnast att.
Rundt ein million turistar besøkjer vegen årleg og vegstrekninga er eitt av Noregs mest besøkte reisemål.
Strekninga har vore ramma av fleire ras dei siste åra. Førre veke bra Møre og Romsdal fylkeskommune om eit hastemøte med samferdselsministeren og næringsministeren om Trollstigen.