Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Vegopning i morgon, fredag 10. mai

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ei melding som nok er etterlengta for mange, særleg for næringslivet i Geiranger, tikka inn tidleg ettermiddag på Kristi himmelfartsdag.

Saken fortset etter annonsa

Det er Vegtrafikksentralen midt som melder at fylkesveg 63 Geiranger-Langvatn er planlagt opna fredag 10. mai etter å ha vore vinterstengt.

Det vert imidlertid tatt visse atterhald om uføresette hendingar – og det vert meldt at ei siste vurdering vert gjort fredag 10. mai om lag klokka 12. Men etter alle solemerke skal vegen opne klokka 14.