Kolonnekøyring og stenging på Strynefjellet

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Grunna tunnelarbeid blir det kolonnekøyring og stenging på Strynefjellet natt til laurdag og søndag.
Statens vegvesen skal kvitmåle tunnelveggane i rv. 15 Ospeli-, Grasdal- og Oppljostunnelen klokka 21.00-06.00 desse nettene.
I stengeperiodane vert det ledebil frå vest kvar heile klokketime, og frå aust kvar halve klokketime.
Stenginga er tilpassa kollektivtrafikken. Vegen bil bli opna for utrykkingskøyretøy.
Det Statens vegvesen heilt konkret skal gjere, er å måle tunnelveggane kvite.
– Kvitmåling av tunnelveggane er eit trafikktryggingstiltak. Ein lysare tunnel er ein endå tryggare tunnel, seier byggjeleiar Even Hjelle i Statens vegvesen.
Han oppmodar trafikantane til å respektera arbeida og kolonnekøyringa.