Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Stordalstunnelen er stengt på grunn av ulykke

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det har vore ei trafikkulykke i Stordalstunnelen.

Saken fortset etter annonsa

Ein finskregistrert bil kom over i motsett kjørefelt, trefte ein bubil og hamna deretter i tunnelveggen.

Dei første på staden, som også var vitne til ulykka, fortel at dei fekk personen ut av bilen og starta hjarte-lungeredning til brann og helse kom på staden. Bildet i saken har vi fått av tipsar.

Vegvesenet melder at tunnelen vil vere stengt fram til nærere klokka ett fredag.