Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Strekninga Valldal-Trollstigplatået opnar i morgon, torsdag 16. mai

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Torsdag 16. mai opnar Møre og Romsdal fylkeskommune vegen mellom Valldal og Trollstigplatået. Det er enda usikkert når sjølve Trollstigen opnar. Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Saken fortset etter annonsa

I dag, onsdag 15. mai, har fylkeskommunen inspisert strekninga mellom Valldal og Trollstigplatået, og vurdert at det slik at den kan opnast.

– Vi har køyrt gjennom strekninga i dag, og alt ser bra ut. Derfor vel vi no å opne denne vegen. På grunn av mykje is og steinnedfall den siste tida, er det framleis usikkert når vi kan opne sjølve Trollstigen. Vi jobbar oss oppover og tek fortløpande vurderingar knytt til tryggleiken for mannskapet, seier Roar Vikhagen, byggjeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Slik ser det ut i Trollstigen no. Foto: Dag Christian Ugseth/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er spesielt situasjon og stabiliteten i Kjellstadlinja som avgjer når Trollstigen kan opne.

– Vi ber folk om å ikkje ferdast i vegen i Trollstigen sidan dette per no inneber stor risiko for steinnedfall. Vent til vegen opnar, oppmodar Vikhagen.