Trafikkulykke i Ørnevegen
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Naudetane rykker ut etter melding om trafikkulykke i ein av dei øverste svingane på Ørnevegen, det melder politiet.
Det skal dreie seg om ein kollisjon mellom ein bobil og ein personbil og til saman fire personar er involverte. Brann og helse er no framme på staden.
Føraren av personbilen var åleine i bilen – og vert frakta til legevakt for undersøking. Det som truleg har skjedd, er at bobilen har mista bremsekraft på veg ned Ørnevegen, kollidert med den møtande personbilen og deretter køyrd av vegen. Dei tre personane i bobilen er uskadde, melder politiet.
Vegen er rydda og open for normal ferdsel – og politiet opprettar sak på hendinga.