Treng meir tid til å vurdere forholda i Trollstigen

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Dei spesielle forholda i Trollstigen gjer at Møre og Romsdal fylkeskommune treng meir tid til å gjere grundigare risikovurderingar knytt til opning av vegen. Fylkeskommunen vil bruke tida fram til torsdag 6. juni til å vurdere forholda.
Det spesielle i år er at det har vore lite snø og mykje is, spesielt i Kjellstadlinja, som er den mest utsette strekninga i Trollstigen. Tidlegare i vår gjekk det òg eit større ras i dette området. Mannskapet opplever at steinnedfalla i Trollstigen er meir uføreseieleg enn tidlegare.
– Tryggleiken til trafikantane er vår viktigaste prioritet. Vi vil vere trygge på både forholda og våre eigne vurderingar før vi set trafikk på vegen. På grunn av dei spesielle forholda vi har hatt i Trollstigen i år, så treng vi litt meir tid på risikovurderinga. Vi vil ta ei ny avgjerd torsdag 6. juni, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.
Ikkje ferdast i området før opning
Sjølve vegen er rydda og klar. Det er risikovurderinga knytt til steinnedfall som gjer at ein treng meir tid. Fylkeskommunen oppmodar om å ikkje ferdast i området før vegen opnar.
– Så lenge vegen er stengt meiner vi at folk ikkje skal ferdast i området. Vi håpar dette blir respektert, seier Tønnesen.