• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
Logo

lokalavisa for Indre

  • E-avis
  • Tips oss
Meny
  • Nyheiter
  • Sport
  • Kultur
  • Dødsannonser
  • Politikk
  • Landbruk
  • Næringsliv
  • Debatt
    • Kommentar
    • Leiar
    • Innlegg
    • Send inn leserinnlegg
  • Notisar
  • Lesarbilete
    • 2023
    • 2022
    • 2021
    • 2020
    • 2019
  • Fotominne
  • Attersyn
    • 2003
    • 2002
    • 2001
    • 2000
    • 1999
    • 1998
    • 1997
    • 1996
    • 1995
    • 1994
    • 1993
    • 1992
    • 1991
    • 1990
  • E-avis
  • Storfjordnytt-Appen
Logg inn
  • Mi side
  • Bli abonnent
  • Kundesenter
  • Tips oss
  • Kontakt
  • Tenester
  • Annonsar
  • Abonnement
  • Om Storfjordnytt
SAMFERDSEL
4 minutter lesetid

Trollstigen vert stengd resten av året – uforsvarleg å opne utan tiltak i fjellet

Trollstigen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Britt Ingunn Maurstad
954 93 011
Publisert: 20 juni, 2024 13:22
Oppdatert: 20 juni, 2024 13:29

Trollstigen vil vere stengd resten av året. Innan det er gjort tilstrekkelege sikringstiltak i fjellet, er risikoen for at nokon kan bli treft av stein for stor. Vegen frå Valldal og opp på Trollstigplatået er open. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune torsdag.

Saken fortset etter annonsa

Etter den alvorlege hendinga i Trollstigen 17. juni har både Møre og Romsdal fylkeskommune som vegeigar og entreprenør Veidekke AS gått gjennom sine risikoanalysar, og vurdert ytterlegare tiltak. Konklusjonen er at risikoen for å bli treft av stein er for stor til at vegen kan bli halden open før det er gjort tilstrekkelege tiltak i fjellet.

– Dette er ein krevjande situasjon, med mange omsyn å ta. Vi har stor forståing for at ei rekkje næringsaktørar vil få store utfordringar, og er fullt klar over konsekvensane dette gir. Men som vegeigar er det vårt ansvar og mandat å ivareta trafikktryggleiken i Trollstigen. Situasjon knytt til steinnedfall har vorte meir uføreseieleg, og det har vore fem tilfelle dei siste to åra der køyretøy har vorte trefte av stein. Det er berre marginar som gjer at det ikkje har gått skikkeleg gale. Vi kan ikkje vere i ein situasjon der vi går og ventar på ei dødsulykke, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.

– Må opp i fjellet

Både utviklinga i fjellet og auka trafikk bidreg til at risikoen for at stein treffer trafikantar, har vorte større. Dette gjeld i hovudsak den mest utsette Kjelstadlinja.

– Vi er no over grensa for kva som er akseptabel risiko. Både fylkeskommunen og vår entreprenør meiner det per no ikkje er trygt nok å arbeide eller ferdast i Trollstigen. Vi har brukt opp verktøykassa når det gjeld trafikkstyring, skilting og liknande. Einaste løysinga som står att, på kort sikt, er at vi må opp i fjellet. Vi ser no på kva vi kan gjere av strakstiltak for å auke tryggleiken, samstundes som vi jobbar vidare med langsiktige tiltak som planlagd, gjennom forprosjektet for rassikring i Trollstigen. Men alle tiltak avhenger av finansiering, seier Tønnesen.

Krevjande å sikre godt nok

Etter opninga av vegen 7. juni har det vore daglege nedfall av stein i området. Eitt av desse tilfella trefte arbeidsbilen til entreprenøren. Kjelstadlinja er om lag like stor som 18 fotballbanar, og det vil vere eit krevjande arbeid å sikre godt nok.

Saken fortset etter annonsa

– Vi har vurdert ei rekkje tiltak for å sikre vegen på kort sikt, men vi kjem ikkje unna at det mest effektive og realistiske alternativet er at vi må opp i fjellet for å reinske. Dette vil òg gi oversikt over omfanget av det vidare fjellsikringsarbeidet. Vi må starte med dei felta i Kjelstadlinja som reduserer risikoen mest. Om vi får finansiert strakstiltak, er målet å få til ei opning neste år, seier Tønnesen.

I tillegg til kontrollreinsk av dei mest utsette områda, kan det vere aktuelt å tette ei avleiingsgrøft øvst i Kjelstadlinja. Denne leier vatn vekk. Denne har i nokre år hatt lekkasje som bidreg til isdanning i den bratte fjellsida. Det er òg behov for å fjerne stein i eit isnett som er montert i fjellet.

Du vil kanskje også lese

Trollstigen blir stengd i fleire dagar – ny vurdering førstkomande torsdag Opnar Trollstigen i morgon, fredag 7. juni Ny vurdering med omsyn til Trollstigen vert gjort i morgon, tysdag

Storfjordnytt
Postboks 134, 6211 Valldal
Olavsgata 8, 6210 Valldal

Organisasjonsnummer: 960 134 311
Bankgiro: 4020 05 01774

Kontakt oss
70 25 78 50
post@storfjordnytt.no
annonse@storfjordnytt.no

Redaktør og dagleg leiar
Britt Ingunn Maurstad

954 93 011

britt@storfjordnytt.no

Redaksjon
Tina Emilie Hoel

977 62 387

tina@storfjordnytt.no

Torbjørn Storås

954 28 005

torbjorn@storfjordnytt.no

Annonsar
annonse@storfjordnytt.no

Storfjordnytt er lokalavisa for Fjord kommune og tillegg dekkjer vi delar av Stranda kommune. Avisa kjem ut ein gong i veka, kvar torsdag.

Følgj oss

  • Facebook
  • YouTube

Kundeservice: Bestill abonnement // Elektronisk utgave // Annonsebestilling // Kontakt // Personvernerklæring

Storfjordnytt arbeider etter Vær varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk. Sjå også Redaktøransvar.

Storfjordnytt © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no