Edelweiss på tur

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Gruppa eller motorsykkelklubben kallar seg Edelweiss. Dei har motorsyklar som er registrerte i Austerrike, og medlemmar av klubben kjem dit for å ta lange motorsykkelturar til Noreg og sikkert også andre europeiske land. Mange kjem frå USA, men også frå Canada og Sør-Amerika.
Turisttrafikken på fylkesveg 650 har auka sterkt frå i fjor. Trafikkmønsteret er nok påverka av at Trollstigen er stengd. Mange utanlandske turistar har sett på Trollstigen som eit reisemål. Så har det då blitt slik at dei kan køyre til Trollstigplatået og sjå heile Trollstigvegen derifrå. Den einaste ferjefrie vegen dit er no fylkesveg 650. Dette kan vere noko av forklaringa på trafikkauken.
I dag, 13. august, hadde vi på nytt besøk frå Edelweiss i Stordal bygdetun. Det er berre eit par veker sidan vi hadde besøk frå denne motorsykkelklubben. Då kom dei på tolv motorsyklar. I dag hadde dei 16 syklar. Seinare på dagen besøkte dei Trollstigplatået. Kvar gong er det hyggeleg å få besøk av dei. Det verkar som dei køyrer trygt og disiplinert. På bildet ser vi korleis dei kan parkere 16 motorsyklar på eit lite område. Safety first!