Beitedyr, jordbær og jerv

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Endå ein gong ser det ut som våre dyktige sauebønder må sjå eit brutalt tap av sine beitedyr. Jerven er den skuldige. Den påfører sauebonden store økologiske og emosjonelle vansker. Frontane er steile. Bonden vil ha ei større beskatning også utanfor dei grenser, som jerven aldri vil kunne forstå seg på. Jerven har også heldigvis vener. Dei meiner at jerven må takast vare på. Den er ein del av fjellheimen vår. At bestandsmåla er nådd, og vel så det betyr ikkje så mykje for dei. For sauebonden betyr det alt.
No er bestandsmålet ikkje ei øvre grense, men ei nedre grense for å sikre jerven sin plass i den norske faunaen. Men om det å ta ut eit visst antall jerv i Fjord og Rauma, vil redusere tap av lam og konfliktnivået, ja så skjønar ikkje ein enkel sjel som meg, at det burde vere på sin plass. For nokre år sidan hadde ein jorbærdyrkar ein åker rett ved vårt hus. Plutseleg ein dag kom to karer jagende forbi med børsa i handa. Rådyra hadde spist av plantane til bonden. Då kunne dei ta ut to-tre rådyr på grunn av det. Greit nok. Men det seier meg at i mitt neste liv, vil eg vere betre beskytta om eg vart til ein jordbærplante enn eit vårlam.
Bjørn, ulv, gaupe og jerv er ein viktig faktor i næringspyramiden her oppe i det kalde nord. Rovdyr og rovfuglar skal forsyne seg av overskotet naturen vår gir. Skada, svake og eldre dyr skal vere på deira meny. Slik må det vere. Då beitedyra til menneska blei slept ut i den ville naturen, blei det raskt ein ny matkjelde for våre rovdyr. Bjørn og ulv blei då nesten utrydda av våre gevær og børser. Gaupe, ørn og jerven likeså. Bjørn og ulv gjer også store skader på beitedyr. Men dei dyra vert det raskt gitt fellingsløyve på. For jerven sitt det tydelegvis lenger inne å gi dette løyvet. No er bjørn og ulv sett på som farlegare enn jerv og gaupe for oss tobeinte. Få er vel redd for jerv når dei vandrar i fjellheimen.
Og uten sauebonden, geitebonden, grisebonden og bonden som leverer mjølk og kjøt i vår del av landet, er ein truga art. Når dei gjer opp har det store ringvirkningar for utkantstrøka. Mange av dei er aktive jegerar. Hjort, elg, rådyr og rein blir teke ut på ein klok og god måte. Dei forstår korleis ein skal beskatte vår natur. Eg er tilhenger av kvalfangst, jakt, fiske i hav, sjø og hav. Norske landbruksvarer er av den aller beste kvalitet. Eg er berre ein enkel kokk, glad i maten vår, og ingen ekspert, men eg ønskjer dypt og inderlig å ta vare på både rovvilt, bonden, jegaren, fiskaren for framtida.