CRDL – kva det er og vert brukt til
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Mange veit truleg at på sjukeheimane i Valldal og Stordal er det eit velferdsinstrument som vert kalla CRDL. Det liknar eit stort og litt flatt rundstykke med ei rund grop i.
Det er ikkje uvanleg at det kan vere vanskeleg å få kontakt med personar med demens. Ved å bruke dette instrumentet kan ein stimulere og gjenopprette kontakta med dei. Instrumentet CRDL kan også brukast for å få kontakt med personar som har andre typer funksjonsnedsettingar som f.eks. autisme og afasi. Det som skjer er at ved hjelp av lydar og musikk vekkjer instrumentet CRDL gode minne til live. Språket vert stimulert og uro kan dempast.
Dei fleste av oss kjenner nokon med demens og veit kor vanskeleg det kan vere å kommunisere. På frivilligsentralen tysdag 11. november vil logoped Ursula Astrid Jongsma fortelje om velferdsinstrumentet og syne korleis bruke det. Ved å ha kunnskap om instrumentet som sjukeheimen har, kan ein ved besøk hos personar med demens ta det i bruk og oppleve kontakt. Vi ønskjer alle velkomne til møtet.


