Cruise i Eidsdal, er det greitt?

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I dag ankommer det første cruiseskipet til Eidsdal. Skipet får ikkje sleppe inn til Geiranger fordi det ikkje møter miljøkrava som er sett for verdsarvfjorden. Likevel ønskjer nabokommunen det velkommen og lar det ankre opp utanfor verdsarvgrensa.
Er dette verkeleg greitt?
Tidlegare ordførar i Fjord kommune, var ein sterk forkjempar for nullutsleppskrav og miljøvern i verdsarvområdet. Han stod for prinsipp og framtidstenking. Men no ligg det altså eit skip som ikkje støttar dagens krav i same kommune. Så lenge det held seg utanfor grensa. Har vi verkeleg kome dit at prinsippa våre stoppar ved kommunegrensa?
Og kva er miljøgevinsten?
Passasjerane blir bussa frå Eidsdal og inn til Geiranger eit veinett som allereie er pressa på kapasitet og infrastruktur. Der den einaste gevinsten blir meir trafikk, meir kaos, meir slitasje. Skal vi kalle det berekraft?
Eg unner næringsdrivande i Eidsdal inntekter, dette er ikkje eit personangrep. Men det er ei kraftig bismak når dette blir løysinga at miljøverstingane som ikkje støtter tier 3-krav, berre kan gå til nabohamna og likevel pumpe fleire turistar inn på eit altfor belast veinett.
Skal dette vere smuttholet framover?
Vi innfører eit av verdas strengaste miljøkrav for cruisetrafikk. Men slik det er no, står vi att utan miljøgevinst og utan trafikkgevinst. For trafikkproblemet i Geiranger ligg ikkje på fjorden. Det ligg på land.