Storfjordnytt
6 minutter lesetid

Ei verkeleg og ei innbilt krise i norsk helsevesen

«Debatten» på NRK1 TV, torsdag den 9. oktober, gav sjåarane innsyn ein bedriftskultur som fekk mange til å sette kaffien i halsen. Ein kultur prega av grådigheit og sjølvrådigheit. Ikkje rart at kommentarfelta i sosiale media er fulle av karakteristikkar som skammeleg, usunt, umusikalsk og umoralsk. 

Saken fortset etter annonsa

TV-programmet sette fokus på eit «vesen» som alle nordmenn er opptekne av – helsevesenet. I dette tilfellet vart spesialisthelsetenesta sett under lupa, dvs. den delen av helsevesenet som har ansvaret for sjukehusa og den spesialiserte rehabiliteringa slik i kjenner den frå mellom anna Muritunet i Valldal. Programmet teikna eit mildt sagt lite flatterande bilde av sektoren. Då snakkar vi ikkje om pasientbehandlinga, men om organisering og leiing. Mange sat igjen med eit inntrykk av at spesialisthelsetenesta er ein stat i staten, og at toppleiinga i denne «staten», er ein adel med spesielle privilegium. 

For oss som lenge har jobba opp imot sentrale styresmakter for å hindre nedlegging av bedrifter som Muritunet, var dette gamalt nytt. Etter tallause møte med byråkratiet i helseføretaka, med partileiarar, med stortingspolitikarar og med regjeringsmedlemmer, har vi skjønt at noko er riv ruskande gale når det gjeld organisering og drift av spesialisthelsetenesta. Vi har peika på manglar og uønska følgjer av dagens politikk ut frå eit pasientperspektiv. Det har vore som å snakke til ein vegg. Det som no skjer, med nedleggingar over ein lav sko, er ei varsla katastrofe. Ingen skal kunne hevde at dei ikkje visste! 

Dei fire regionale helseføretaka er tildelt all makt for utvikling og drift av spesialisthelsetenesta. Modellen dei styrer etter, den såkalla føretaksmodellen, vart vedteken av stortinget i 2001. Føretaka er heileigde av staten med eigne styre. Berre statsråden kan gripe inn og gi føringar for verksemda. Då Bent Høie (H) var helsepolitikar i opposisjon, omtala han dei regionale helseføretaka som «glava-lag av ansiktslause byråkratar» som han lova å fjerne viss han kom til makta. Han kom til makta, men ingen ting skjedde. Sittande statsråd, J.C. Vestre, har heller ikkje tora å pirke bort i denne maktbastionen. 

Mange føler at helseføretaka ikkje gjer jobben sin. At dei bygger ned, i staden i staden for å bygge opp. Dette fører til at pasientar vert sette på gata. At pårørande fortvilar og at kommunane får tunge pasientar i fanget utan å vere rigga for slike oppgåver. 

Dette forstår ikkje folk på gata. Ikkje eg heller. For alle oss, er det eit mysterium at det skal vere nødvendig å fjerne sterkt etterspurde høgkvalitets pasienttilbod som har eksistert i mange tiår. Tilbod som i mange tilfelle kom til som spleiselag mellom eldsjeler, pasientorganisasjonar, kommunar og næringsliv i ei tid då Noreg vart eit fattig land. Muritunet, med 30 års drift bak seg, og 25.000 pasientar innom dørene, er ein klassisk døme på denne typen helsebedrifter. I dag er nordmenn søkkrike og har ei statskasse som flyt over av pengar. Likevel skal vi ikkje ha råd til å ta vare på våre sjuke og gamle! Er det rart at folk lurer på kva som skjer? At dei lurer på kva politikarane held på med?

Det enorme pengesløseriet i dei regionale helseføretaka er berre ein del av forklaringa på at dei går i minus og må spare. I programmet kom det fram at 338 direktørar – 80 i snitt per føretak – åleine håvar inn nesten ein halv milliard kroner i årsløn. Meir enn hundre av desse har høgare lønn enn helseministeren. Professor Rune Slagstad skriv i bladet «Overlegen», nr. 3 oktober 2025, at «det er langt fleire direktørar i helseføretaka enn det er sengeplassar på intensivavdelingane». Er det rart at folk får hakeslepp og kaffien i halsen?

Hovudårsaka til pengeknipa i helseføretaka stikk likevel djupare. Det har med systemet å gjere. Med måten føretaka er finansierte på. Etter dagens modell må dei drive pasientbehandling med økonomisk overskot for å kunne investere i nye bygningar, nytt utstyr og ny teknologi. Noko som betyr at dei må spare opp eigenkapital for å få låne pengar til nye tiltak. Låna er renteberande og skal betalast tilbake. Dette er i ferd med å knekke ryggen til helseføretaka. Sjølv om alle på golvet spring fortare enn før, klarer ein ikkje å halde tritt med tyngande kapitalutgifter. Då må føretaka ty til oppseiing av personale og kontraktar og nedlegging av pasienttilbod som ein siste utveg. Så enkelt, men samtidig så dramatisk!

Saken fortset etter annonsa

Eg nøler ikkje med å erklære krise i deler av norsk helsevesen. Riksrevisjonen sine drepande rapportar gir god støtte for ein slik konklusjon. Krisa for pasientar som ikkje får behandling, er høgst reell. Den økonomiske krisa derimot, er innbilt. Innbilt fordi dei regionale helseføretaka er underfinansierte. Stortinget har ikkje gitt dei moglegheiter til å få balanse i drifta. På grunn av galopperande kapitalutgifter, har dei ingen andre val enn å kutte i drifta. Å einsidig kritisere føretaka, blir å rette bakar for smed. Fordi pengane finst, er det difor ikkje feil å kalle pengeknipa ei innbilt krise. 

Det første politikarane må gripe til, er å gi helseføretaka fritak/utsetting med betaling av kapitalutgifter på lån. Alternativt hente inn friske pengar. Vidare bør det gjerast eit prinsippvedtak om å skrote føretaksmodellen. Samtidig må ein starte opp arbeidet med å få til eit breitt politisk forlik om ein ny modell. I tillegg må statsministeren, eventuelt stortinget, instruere helseministeren om å rydde opp i den sløsekulturen som vart bretta ut for alt folket gjennom TV-debatten. Det inneber mellom anna at «ny-adelen» (den norske adelen vart formelt avskaffa i 1821) i toppleiarstillingar må rivast ned frå pidestallane dei har okkupert. 

Men det hastar å kome til handling. Viss det dreg ut, vil nedbyggingskarusellen spinne vidare og trekke stadig nye behandlingstilbod utfor stupet. Helse Midt-Norge har nyleg varsla ei ned bemanning på 5-700 årsverk. I dette perspektivet fryktar eg at Muritunet si døgnavdeling i Valldal, kan vere ei lavthengande frukt som står lagleg til for hogg. Lagnaden til denne avdelinga, og mange andre behandlingstilbod utover det ganske land, ligg difor i hendene til regjeringa og det nyvalte stortinget.