Eit hjarte på Sunnmøre er like mykje verdt som eit hjarte i Trøndelag

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Når du får eit stort hjarteinfarkt, handlar det om minutt. Hjartemuskelen døyr dersom blodtilførselen ikkje raskt blir gjenoppretta. Standard behandling i dag er utblokking, såkalla PC, ein metode som reddar liv og livskvalitet i 93–96 % av tilfella. Men bur du i Møre og Romsdal, får du sjeldan denne behandling i tide.
Slik kan det ikkje vere lenger.
Sunnmøringane får eit dårlegare helsetilbod
Pasientar med hjarteinfarkt på Sunnmøre må i dag få ei alternativ behandling, trombolyse, som er mindre effektiv, meir risikabel og som oftast berre kjøper litt tid før pasienten må sendast med helikopter eller ambulansefly til Trondheim. Statistikken er brutal:
1 av 3 får ikkje effekt av trombolyse.
1 av 4 kan ikkje få det i det heile, på grunn av alder, tidlegare hjerneslag eller anna blødningsfare.
Under 30 % av pasientane i vår region får behandlinga dei treng innan dei 90 minuttane som europeiske retningslinjer anbefaler.
Dette er ikkje pasientane sin feil. Det er ikkje legane sin feil. Det er systemet si feil, og det må endrast.
Vi har både pasientgrunnlag og kompetanse
Det har vore argumentert for at Møre og Romsdal ikkje har stort nok befolkningsgrunnlag til eit eige PCI-senter. Det er feil. Data frå Luftambulansen og Norsk Hjerteinfarktregister viser at:
Ålesundshelikopteret aleine flyg meir enn 100 hjarteinfarktpasientar til PCI kvart år.
Over 500 pasientar frå fylket får PCI-behandling årleg, langt over det internasjonale kravet på 400 prosedyrar.
Eit PCI-senter i Ålesund vil nå over 114 000 menneske innan ein time med bil og nær 200 000 innan to timar.
Samanliknar vi med Finland og Sverige, så har dei ein mykje meir desentralisert struktur. I Noreg er det i dag berre ni døgnopne PCI-senter. Med lik befolkningsdekning som i nabolanda burde det vore minst tolv.
Dette handlar ikkje berre om medisinsk behandling, men om liv, tillit og rettferd
I LHL møter vi kvar veke menneske som ikkje kom tidsnok til PCI, som lever med redusert hjartekapasitet, angst og smerter fordi blodåra deira vart opna for seint. Nokre vart aldri frakta, fordi vêret var for dårleg. Andre fekk biverknader av trombolyse.
Vi har òg møtt legar og spesialistar i Ålesund som har kompetansen, men som manglar støtte frå helseføretaket. Dei seier klart: vi er klare til å bygge opp PCI-tilbodet.
Så kvifor skjer det ikkje?
Det offentlege må ta ansvar og handle
Det finst to ferske utgreiingar om PCI i Ålesund. Men Helse Midt-Noreg viser til ein utdatert rapport frå 2011, og unnlèt å leggje fram dei siste tala. Kvifor? Det blir ikkje betre av å ignorere data. Når helseministeren seier at slike avgjerder skal takast av dei regionale helseføretaka, må vi kunne forvente at dei gjer det på grunnlag av oppdatert kunnskap. Og at kunnskapet er tilgjengeleg for befokninga.
Vår oppmoding
LHL Skodje, Ørskog og Haram ber Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg:
Offentleggjere all oppdatert dokumentasjon om PCI-grunnlaget i Ålesund.
Starte ein konkret planprosess for å etablere døgnopent PCI-tilbod ved Ålesund sjukehus.
Inkludere pasientforeiningar i arbeidet, for vi representerer dei som blir ramma.
Sjukehuslege Egil Romslo Schistad skreiv det godt: Kva har vi å tilby den tredelen som ikkje får effekt av trombolyse? Den fjerdedelen som ikkje kan få det?
Svaret må vere: eit PCI-senter i Ålesund. For det handlar ikkje berre om prosedyrar og retningslinjer. Det handlar om hjarta våre.