1. mai brakar det laust med heile 620 turmål i vår region. I friluftslivets år oppfordrar vi alle innbyggarane våre til å vere ekstra mykje ute og bruke Stikk UT!-turane til å samle på fine naturopplevingar. Det seier Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i ei pressemelding.
Bli med på Stikk UT! og kjenn kor tilfredsstillande det er å bli litt sprekere gjennom sommaren, og samtidig kjenne på gleden av å vere i naturen med fuglekvitter, bekkar som sildrar eller synet av det yrande livet i ei maurtue. Det er ulik vanskelgrad på turane, så her kan alle finne ein tur som passer for seg.
Kart til alle husstandar
Årets kartbrosjyre, skal no ha kome i postkassene til alle husstandar i Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag.
– Kartet er friluftsrådet sin invitasjon til kvar enkelt om å delta på Stikk UT!. Vi ønsker at alle skal finne si turglede gjennom Stikk UT!, både ved å bruke nærturmåla og oppdage nye turperler både i eigne og andre kommunar, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Karta er sendt ut til alle innbyggjarar i regionen, og i tillegg er det lagt ut ekstra kart på alle innbyggjartorg om nokon ikkje har fått dette i postkassene sine. Karta kan også lastast ned på stikkut.no eller på friluftsråda sine eigne nettsider.
I tillegg til informasjon om Stikk UT! og årets turmål, har friluftsråda også valt å sette fokus på Friluftslivets år 2025 som no er godt i gang. Derfor er det sett av plass til informasjon om aktivitetar og arrangement i kartbrosjyren i år.
– Det er mindre snø i fjellet enn vanleg, men det er likevel nokre turmål som har utsett opningsdato. Informasjon om dette finn du i turomtalen, så hugs å lese den før du legg ut på tur i høgda, seier Ellingsæter.
Like fin som før
Friluftsrådene jobber for at naturen skal bevarast like fin som før og oppfordrar alle som ferdast ute til å sette seg inn i Stikk UT!-vettreglane.
– Vis omsyn til natur, dyr og menneske. Parker som tilvist, hald hunden i band og lat att grinder. Då blir det mykje trivelegere for alle, seier Hoel/Ellingsæter. Dei understrekar spesielt dette med at hundar må haldast i band for ikkje å skremme hekkande fugl eller dyr på beite.
Sterk hjerne med Stikk UT!
– Visste du at når du tek ditt første steg ut på tur så oppnår du ein viktig og stor effekt på helsa di? Det seier hjerneforsker, lege og foredragsholder Ole Petter Hjelle som er så begeistra for Stikk UT! at han har blitt vår turtrim-ambassadør.
– Forsking viser at all fysisk aktivitet – i tillegg til å gi oss lengre og betre liv – gjer oss meir kreative, betrar stressmeistring og hukommelse, og reduserer risikoen for depresjon og demens, seier Hjelle.
Han understreker at fysisk aktivitet er gunstig for så og seie alle funksjonene til hjernen. Ein gåtur om dagen kan ifølgje Hjelle redusere risikoen for demens med inntil 50 prosent.
Nytt i Stikk UT!-appen og stikkut.no
Etter tilbakemelding frå aktive Stikk UT!-deltakarar har vi tatt tilbake registreringsløysinga på stikkut.no. For å få med alle grupper er det viktig å kunne registrere turane både i appen og på nettsida. Stikk UT!-appen har gått gjennom ei fornying det siste året og fremstår no som brukarvenleg, det er lett å finne turmål i nærleiken av der du er og det er enkelt å registrere turmåla.
Kvifor registrere Stikk UT!-turane?
Hugs å registrer turane dine, for då er du med på dugnaden med å ivareta stiane og behalde Stikk UT!-ordninga. Gode tal for deltaking og registreringar gir friluftsråda og kommunane ein viktig peikepinn på folkehelse-effekten og utløyser midlar for vidare arbeid.
– No er det berre å lade opp turskoa. La deg inspirere til flotte turmål, og inviter gjerne med ein venn, nabo eller kollega også på Stikk UT!-tur, oppmodar Ellingsæter.
God tur frå Stikk UT!