Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Fjord og Stranda: Folkemøte om Stranda vgs

Det har vekt sterke reaksjonar, særleg blant ungdom, at fylkesadministrasjonen har foreslått å bygge ned, og i verste fall, legge ned Stranda vidaregåande skule. Ordførarane i Fjord og Stranda kommunar inviterer difor til eit viktig folkemøte om framtida til den vidaregåande skulen i distriktet.

Saken fortset etter annonsa

Møtet vert på Stranda vidaregåande skule onsdag 24. september. Her vil ordførarane, Terese Jemtegård Moen og Einar Arve Nordang, peike på dei uheldige konsekvensane ei nedbygging av skulen vil ha for innbyggarane. Samstundes lovar dei å kjempe for at skulen skal vidareførast og styrkast. For å utmeisle strategiar og tiltak er det etablert ei arbeidsgruppe, som også har praktisk ansvar for arrangementet.

På møtet vil representantar for næringslivet i dei to kommunane seie sitt. I tillegg blir det innspel frå elevar, foreldre og frå den frivillige sektoren. Nærare 2000 har skrive under eit opprop retta mot fylkeskommunen, med krav om at skulen vert ført vidare.

Saken fortset etter annonsa

Det knyter seg ikkje minst spenning til den politiske debatten der representantar for dei fleste politiske partia på Fylkestinget er venta å møte fram. Framsynte fylkespolitikarar la på 1970-talet til rette for ei stor utbygging av dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Vil dagens politikarar vere like framsynte, og halde fast på ein desentralisert skulestruktur?

Vedtak om den framtidige skulestrukturen skal etter planen skje på møtet i fylkestinget i desember.

For arbeidsgruppa
Anders Folkestad