Storfjordnytt
13 minutter lesetid

Fjordingar på Smøla-tur

«Her på den ytterste nakne ø – Smøla, Smøla.
Skumkvite topper av salte sjø, vugger deg inn i sin favn.
Her bor den djerveste fiskermann uredd han legger ut.
Kjent mellom holmer og skjær er han, med glede han jubler ut.

Saken fortset etter annonsa

Vil du se øya ved solnedgang, Smøla, Smøla.
Solstråler danset her dagen lang, småbølger skvulpet og sang.
Nå daler solen i gullglans ned herligste fargeprakt.
Der ut hvor storhavet møtes med den vakreste sommerdrakt.» 

(1. og 3. vers av Smølasongen, tekst Laura Frøland, melodi Eva Peggy Stensønes.)

28.-29. august var fjordafolk, 31 i talet, med på ein Smølatur – rik på både sol og opplevingar. Geiranger Turbuss stilte med ein dyktig buss-sjåfør og ein kunnskapsrik Smølaguide.

Smøla på Nordmøre er den nordlegaste kommunen i Møre og Romsdal. Det er eit øyrike med meir enn 6000 øyer. Dei største er Smøla (Fastsmøla), Edøy, Jøa, Rossvolløya og Kuli. Smøla er den fjerde største øya i Noreg. Kommunen har Edøyfjorden i søraust, Ramsøyfjorden i nordaust og mot nord og vest ligg Atlanterhavet. Landskapet er ganske flatt, dei høgste punkta er Ramndalshaugen på Kuli 70 moh og Nelvikberget på Fastsmøla 63,6 moh.

Hamna på Veiholmen. Foto: Kjell Martin Rønning.

Tidlegare var kommunen delt i tre – Edøy, Brattvær og Hopen, i 1960 vart desse éin kommune – Smøla. Det er busetnad rundt heile hovudøya, men øya Veiholmen, nørst i kommunen, er tettast befolka. Folketalet har minka frå om lag 4000 i 1960 til vel 2300 i 2025. Administrasjonssenteret ligg no på Hopen. Dei fire skulane på øya vart samanslegne i 2017 og Smøla barne- og ungdomsskule er plassert her. Det går sju skulebussar til skulen. Edøy og Kuløy fekk bru til Fastsmøla i 1989, kommunikasjonssenteret vart då lagt til Edøy med ferje og kystekspress til Kristiansund og Trondheim. Reisa Edøy-Kristiansund tek 35 minutt med ekspressen, 90 minutt med ferja. Veiholmen og Smøla har også brusamband no.

Næringsinntektene i kommunen kjem hovudsakleg frå fiskeri, oppdrett, landbruk, kraft og turisme.

• Øya har fire fiskemottak og fiskeoppdrett med 17 lokasjonar med lakseoppdrett.

• Landbruket har produksjon av mjølk, storfekjøt og grønsaker. Det blir dyrka mykje Smølagulrot.

• Smøla vindpark vart ferdigbygd av Statkraft i 2005, då den største vindmølleparken i Europa. Årsproduksjonen gir kraft til 20000 husstandar, nok til Ålesund, Molde og Kristiansund. Vindmøllene, 68 i talet, er vel 100 meter høge. Dei er no 20 år gamle og er tenkt utskifta med 34 nye, dobbelt så høge.

Kulisteinen. Foto: Kjell Martin Rønning.

• Turisme er ein nyare næringsveg der fiske og havørnsafari er særleg populært. Veiholmen, før største fiskeværet sør for Lofoten, har no mange turistar og eige sportsdykkarsenter. Det historiske spelet «Fru Guri av Edøy» blir spela kvar sommar på Edøy. På Kuliøya kan ein leite opp Kulisteinen, kalla “Noregs dåpsattest”, ein stor runestein der namnet til landet er nemnt for første gong.

Då fjordafolket kom i land på Edøy, var det det tid for lunsj på Gurisenteret – kjøtsuppe med Smølagrønsaker og hæmbakakak (grovbrød). Det smakte godt for svoltne turistar! Gurisenteret har kafe, turistinformasjon, visningssenter for vindkraft og amfibenkane til spelet bygde delvis oppå taket med utescene til skodespelarane nede på marka. Senteret er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylke og Statkraft, og bygget var fullfinansiert! Etter lunsj køyrde bussen austsida av Smøla gjennom grendene Lervika, Nelvika, Hellesfjorden, Vikan, Roksvågen, Rokstad, Nordvik, Reiråa, Steinsøysundet og Sætran – fin natur og koselege grender. Kong Haakon kom til øya og besøkte mellom anna eit hus på nydyrkingsfeltet. Kona hadde hatt hjelp av nabokonene til grundig nedvask med grønsåpe før besøket. Kongen kom med storstøvlar på og spurde: «Si meg, hvem har dere vasket sånn for?» Haakon var første konge på øya sidan vikingtida!

Gurisenteret på Edøya. Foto: Kjell Martin Rønning.

Busskøyring vidare gjennom eit flott helsesenter ved ei nedlagt ferjekai, med ambulansebåt ferdig til bruk, helikopterplattform og fleire helsebygningar på land for dei som ville leige rom, trong litt hjelp eller måtte ha sjukeheimsplass. Smøla er svært sjølvhjelpte med eige vassverk, straum og fiber til alle husstandar. Folk er flinke til å samarbeide, omstille seg og få ny aktivitet i gamle bygningar. Under 2. verdskrig bygde Tyskland Festung Norvika for å ha oversyn med skipstrafikken. Etter krigen vart det gjenbruk av Norvika som kommunesenter, men då senteret vart flytta til Hopen, vart der fabrikasjon av Smølavindauge. Eit tidlegare båtbyggeri har gått over til oppdrett, og brannstasjonen ligg i ein nedlagd skule.

Så kom fjordafolket fram til målet for kvelden, Olsens pensjonat på Veiholmen. Her kom det einaste minuset på turen – innkvarteringa. Litt informasjon på førehand om smale, bratte trapper hadde vore nyttig. Då kunne folk som ikkje lenger var så flinke til trappeklatring, få seie frå om det. Veiholmen var eit isolert samfunn før brusambander kom. No er der eit yrande liv av gjestar frå mange nasjonar. Dei finn ei idyllisk, lita øy med kvite stover og raude rorbuer tett i tett, med små, velhaldne opne plassar og ofte pynt med maritim sjarme. 

Feskarkjerringa av Ola Stavseng. Foto: Kjell Martin Rønning.

Ei statue av «Feskarkjerringa» laga av stordalingen Ola Stavseng var avduka her i 1997. Ein heider til kona som hadde ansvar for hus og heim, medan mannen var på havet. Ho var omsorgsperson og kulturberar, og førte tradisjonar og verdisyn vidare til neste generasjon. 

Det bur om lag 50 menneske i sjølve været og dei vil kallast veiværing, aldri smølaværing. Folket eig og styrer Samvirkelaget sitt sjølve etter ein avtale med COOP, for butikken sin vil dei halde fast på. 

Middagen vart servert i Olsennaustet der den eldste delen er frå 1700-talet. Maten smakte – fiskesuppe, omnsbakt sei og til dessert fløytepudding med ripsbærsaus! Dagen hadde vore herleg solrik med lite vind, og kvelden vart avslutta med ein flott solnedgang.

Solnedgang på Veiholmen. Foto: Kjell Martin Rønning.

Veien stavkyrkje på Veiholmen vart i si tid riven p.g.a. dårleg vedlikehald. Alterskapet var laga i Lubeck i 1520, og står no i oldtidssamlinga i Oslo. Døypefonten kom vekk, men vart seinare funnen i eit nabohus brukt som nattbord! Namnet Veiholmen kjem truleg av det gamalnorske ordet veig som tyder saft, væske, drikke. Der var sikker tilgang på ferskvatn i Gulltjønna.

Altartavle og døypefont frå gamle Veyen kirke. Foto: Kjell Martin Rønning.
Brenneriet – lokalt museum. Foto: Kjell Martin Rønning.

Det vart tid til eit besøk på kystkultursenteret Brenneriet før middag. Namnet kjem av tranbrenning. Her fekk vi sjå og lære mykje om Veiholmen og Smøla elles. Tidlegare var det viktig å bu nær fiskeplassane, difor vart Veiholmen eit viktig fiskevær. Men her kunne vere både goddagar og uversdagar. I mars 1938 slo svære stormbylgjer inn og øydela 25 bygningar og ei 30 båtar forsvann. Så kom moloen som tok av for uver. Vind frå nord og nordvest er alltid mest farleg, men det er havet og bylgjene som gjer skade, ikkje vinden. 

Saken fortset etter annonsa

På Edøy har det budd menneske sidan eldre jarnalder. Her låg høvdingsetet for Nordmøre, og her kontrollerte ein sjøvegen til Nidaros. I mellomalderen styrte kongen Nordmøre, så tok kyrkja over, og frå 1537 vart Smøla krongods til eigedommen vart seld til kjøpmann Angell frå Trondheim. Då starta perioden med ulike væreigarar. Fiskarane eigde husa, væreigarane grunnen.

Grunneigar hadde rett på grunnleige, landjord, utrorsavgift, skipsvrak og stranda kval. Huseigarane kunne ikkje drive handel, og var pliktig til å hyse tilreisande fiskarar, og selje fisken til væreigar. Overgangen frå væreigar til sjølveigar på 1920-talet, førte til stor byggjeaktivitet på Veiholmen.

Smøla vindpark. Foto: Kjell Martin Rønning.

Fredagen kom med same godvêret. Og etter ein god frukost i Olsennaustet, køyrde bussen vestsida av Smøla gjennom grendene Dyrnes, Råket, Brattvær, Steinsøy, Jøstølen og Rangnes til Straumen på Innsmøla. Ein tur innom vindparken var eit høgdepunkt, guiden ordna dette. Bussen parkerte rett ved ei mølle, og ute kunne ein høyre susinga og kike på svartmåling på stolpar og vengjer som skulle skræme vekk fuglane. Det var folkemøte før bygginga starta i 1997, og 90 prosent var positive. Kong Harald var på besøk i 2002. Han uttrykte seg slik: «Vi skal ikke stjele vinden, bare låne en pust av den.» 

I 2004 var det ei dansk dame som gjekk seg vill i vindparken. Det går vegar til alle møllene, og dama var sakna eit halvt døger før ho vart funne! På Smøla er all grunn eigd av folket som har større eller mindre aksjeposter, og parken har 70-80 grunneigarar. Den største grunneigaren gav pengane han tente attende til samfunnet, og bygde ei ni hols golfbane.

Besøk på Slyngeriet. Foto: Kjell Martin Rønning.

Neste stogg var på Slyngeriet hos Hege frå Rogaland. Ho og mannen sel Kystgullhonning og Smøla-is. Honningen er premiert fleire gonger. Etter prøvesmaking av is var fleire innom butikken og handla ei lita flaske med søt sommarhonning. Så barst det vidare forbi Brattvær der kyrkja har 450 sitjeplassar og ofte blir brukt til konsertar. 

Kreativt veiskilt. Foto: Kjell Martin Rønning.
For flotte hekser. Foto: Kjell Martin Rønning.

Guiden fortalde om Smøla si ferskvasskjelde, om den største lavlandssletta i nord-Europa, og om Jøstølen ungdomshus der Erik Bye valde å ha opptak av sin siste konsert.

Til sist… Lunsj på Gurisenteret var avskilshelsinga frå herlege Smøla til fornøgde gjestar frå Fjord!