Storfjordnytt
6 minutter lesetid

Foreldre vil ikkje vere til bry for skulen, gi dei heller moglegheit til å vere ressursar 

Stemmer det at foreldre har blitt egoistiske masekråker utan respekt for lærarar og fellesskap? Når ein les ein del av sakene som har blitt publisert i media siste åra, kan ein byrje å lure på kva som skjedd. Er det jammen på tide å skjerpe seg? Eller bør vi vurdere om denne retorikken forsterkar problemet meir enn å løyse det?

Saken fortset etter annonsa

For mange er det lett å kjenne seg att i desse sakene, men det betyr ikkje at dei gir eit dekkande bilde av utfordringa. For er det rett å legge skulda på foreldra for det som skjer, eller kan det hende foreldra er symptomberarar av strukturelle endringar? 

Det er tross alt mykje som har skjedd i utdanningssystemet siste tiåra. Elevane går i praksis to år meir på skole og i tillegg har leik og bevegelse blitt ofra for plass til meir teori og testing. Kommunane har strammare økonomi og skolane sine rammer til å jobbe slik dei ønskjer har blitt mindre. Det er viktig å ha dette i minne når ein fokuserer på alle foreldra som stiller store krav på vegne av barna sine. For kanskje handlar det mest om at det har blitt fleire barn og unge med heilt reelle behov som ikkje blir dekt i den skolen vi har no? Og dermed fleire fortvilte foreldre som ser at barna deira strevar med å møte og ha det bra i skulen. Desse foreldra har ikkje noko ønske om å vere til bry, men har ofte valet mellom om å «mase» eller å ikkje greie å få eleven sin på skolen.  

I tillegg til det opplevde foreldremaset er det mykje fokus på foreldre som verkar lite interesserte i å bidra for fellesskapet eller for at andre sine barn skal ha det bra. Det er lett å svelge denne retorikken fordi det passer inn i bildet av det individsentrerte samfunnet, men har vi gitt foreldra gode sjansar til å bidra til det beste for fellesskapa med sin kompetanse og sine ressursar? Eller er systema låste i tradisjonar og rutinar, der samarbeidet mellom skole og heim ikkje blir eit reelt samarbeid?

Anne Hilde Lystad, prosjektleiar i Livet&Sånn. Foto: Privat.
Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal. Foto: Tingh.

Den 21. oktober arrangerte Møre og Romsdal fylkeskommune saman med Mobbeombodet og Livet&Sånn konferansen «Fellesskapet som problem og løysing i skolen». I overkant av 200 deltakarar frå 80 skolar og 21 kommunar møtte opp for fagleg påfyll om korleis skolane kan jobbe for å styrke fellesskapa og inkludere foreldra som ressursar i arbeidet. Som ein del av konferansen jobba deltakarane i grupper for å finne ut kva skolar og kommunar kan gjere for å fasilitere at foreldre får høve til å opplevast som ressursar for fellesskapet. For det blir alt for enkelt å be foreldre om å skjerpe seg og stole på lærarane. Folk har som regel gode grunnar til å gjere det dei gjer, og endringar må vi ta ansvar for å skape i fellesskap. 

Deltakarane peika på fleire konkrete behov og tiltak:

• Det trengst tydelege rammer for kva eit godt samarbeid mellom heim og skole inneber, og kva partane kan forvente av kvarandre.

• Det er viktig å definere kva eit godt fellesskap faktisk er, og korleis ein kan jobbe saman for å skape og styrke det.

• Foreldre bør få betre innsikt i korleis skolen jobbar og kvifor ulike val blir tatt.

• Skolane må lytte til foreldra sine innspel og sjå dei som ressursar, ikkje som motpartar.

• Det er behov for ein ressursbank med aktivitetar som styrkar fellesskapet mellom elevar, foreldre og skolen. Mange arrangement i dag har sosial verdi utan at dei nødvendigvis bidrar til å bygge robuste fellesskap likevel. 

Livet&Sånn og Mobbeombodet har samarbeida om å lage gode tiltakspakkar skolane kan bruke for å hindre mobbing og skolefråvær, og vi har fått gode tilbakemeldingar på desse. No ønsker vi å bidra til å snu fokuset frå skuldfordeling til felles innsats for robuste fellesskap for alle elevar. For i slike fellesskap har elevane mykje betre sjansar til å få dekt behova sine og kunne bli robuste sjølve. Og deira nære vaksne heime og på skolen har større sjanse til å kommunisere nok og godt. 

Saken fortset etter annonsa

Om Livet&Sånn:  

Livet&Sånn er ein del av Folkehelsprogrammet og finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei lagar opplæringsmateriell som skal bidra til folkehelse og livsmeistring for barn, unge, foreldre og tilsette i barnehagar og grunnskole. Sjå nettsida Livet og sånn for meir informasjon. 

Om Mobbeombodet: 

Gir råd og rettleiing i saker som gjeld barn og unge sitt miljø i barnehage og skole.  Bidreg med informasjon og kompetanse i førebygging mot mobbing og utanforskap. Alle kan ta kontakt – hjelpa er gratis og mobbeombodet har teieplikt. 

Anne-Hilde Lystad, prosjektleiar Livet&Sånn
Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal