Furuskogen på Seljebotsmyrane

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Soga seier at tidleg på 1600-talet var det stor furuskog på Seljebotsmyrane i Stordal. Det har vorte funne store fururøter i myra der, og det er i og for seg bevis godt nok for påstanden, men der er meir å bygge på. I eit gammalt dokument frå denne tida står det at skogeigar Rasmus i tida 1613 og 1614 hadde saga 30 tylfter bord. Arbeidet vart ikkje gjort berre med handemakt for ein stad ved Seljebotselva var der eit sagbruk, fortel det same dokumentet. Det må ha vore ei oppgangssag, og saga vart også kalla flaumsag. Rasmus og hans folk kunne altså felle furuer, frakte dei fram til sagbruket og i flaumtider sage dei opp til fjøler.
Så har det gått over 400 år sidan Rasmus dreiv skogsdrift, men i dag er der i Seljebotselva ein foss, og hølen under denne fossen vert kalla Saghølen. Vi har ikkje funne restar av sjølve sagbruket i vår tid, men namnet på hølen må vere nok til å kunne meine at det stod der, og at det var vatn frå denne fossen som dreiv saga.
Så har det runne mykje vatn gjennom Saghølen i desse hundreåra, men kva har skjedd med furuskogen på Seljebotsmyrane? Vi forstår det slik at furuskogen på 1600-talet stort sett vart uthogd – men ikkje heilt. Det voks nok opp ei og anna furu her og der, og ei og anna furu vart nok felt til bygningsmateriale også, men det har ikkje vore fart i fornyinga – før no i vår tid. Seljebotsmyrane er eit naturvernområde med strenge restriksjonar på hogst og andre naturinngrep. Det kan vere ein del av forklaringa på at vi i dag ser små furuplanter som veks opp både her og der. Andre har kome opp i mannshøgde og endå meir. Kan dette også ha med klimaendringar å gjere? Det kan ikkje vere tvil om at dei nye trea har genetisk samanheng med furutrea som Rasmus hogde på 1600-talet.