God stemning på seniortreff i Stordal og Liabygda Pensjonistlag – Musikalsk glede, dikt og heider til ein trufast medlem

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Onsdag 7. mai kunne Kristen Leganger ønskje dei om lag 60 frammøtte hjarteleg velkomne til seniortreff. Dagens underhaldning stod mellom andre Hallstein Stennes for. Han er fødd og oppvaksen i Hjørungavåg, og er ein erfaren og dyktig trekkspelmusikar.
Før Marie Flåen Hovde las dagens ord, song vi dei to faste opningssongane våre – «Sangen til bygda» og «Sangen til Liabygda» – akkompagnert på trekkspel av Stennes
Marie Flåen Hovde las diktet «Songvigsle» av Henrik Straumsheim, henta frå boka Ro stilt langsmed landet. Hallstein Stennes sørga for god stemning både med musikk og diktlesing. Han las to humoristiske dikt som skildrar utfordringar ein kan møte på i eldre år – og som fekk smilet fram hjå dei fleste. Diktet «6. etasjen» av Jostein Kvithaug og «Påhengsmotor» av Jon Hjørnevik.
Fritz Malm fekk utdelt Pensjonistforbundet si medlemsnål og ein blomsterbukett av leiar Ann Elise Dyrkorn som takk for 15 års trufast medlemskap i Stordal og Liabygda Pensjonistlag. Publikum kvitterte med varm applaus.


Quiz vart delt ut på borda, og det vart livleg diskusjon for å finne fram til rette svar. Bordet «Ne’ m døra» imponerte med heile tolv rette svar av 20 og vart premiert med ein pose Twist.
Etterpå vart det servert velsmakande smørbrød laga av den flinke kjøkkengjengen, Til kaffien fekk vi også servert gode skuffekaker frå Holt Gardsmat. Under matpausen vart det halde åresal med 25 gevinstar.
Turen til Sekken museum 21. mai går som planlagt. Alle påmeldte vil få tilsendt skriv med ymse informasjon. Det vart også orientert om at ein kan vere medlem i fleire pensjonistlag innan same fylkeslag dersom ein ønskjer det, då til ein årskontigent på 130 kroner.
Treffet vart avslutta med songane «Jag tror på sommaren» og «Mykje lys og mykje varme». Leiar Ann Elise Dyrkorn takka alle for frammøtet og ønska god 17. mai-feiring. Neste treff vert onsdag 4. juni.
Stor takk også til dei frivillige damene på kjøkkenet og karane som hadde ansvar for salen.