Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Harpe i Rosekyrkja på søndag

Søndag 17. august er det klart for ny konsert i Rosekyrkja. Då er det den svært anerkjente folkemusikaren Tone Hulbækmo som kjem på besøk.

Saken fortset etter annonsa

– Ho har vore på besøk i Rosekyrkja før. Det var i 2016 – då med «Hulbækmo & Jacobsen familieorkester». No kjem ho åleine med harpa si og konserten «Harpedåm», fortel Bjørnar Midtbust i Kyrkjehola kulturbeite.

Tone var ein av dei første som tok opp igjen den gamle utdøydde harpetradisjonen i Norge. «Harpedåm» er ein solo instrumental harpekonsert som vekkjer til live ein folkeleg harpetradisjon som døydde ut midt på 1800-talet. Ingen veit sikkert kva og korleis dei spelte på instrumentet, så Tone har frå første stund skapt sin eigen spelestil, sin eigen teknikk, sin eigen tradisjon, fortel Midtbust. Ho har også mykje å fortelje om bruken, om kildene, om harpa, og ho likar å skape kontakt med publikum også på det viset – men musikken står i høgsetet.

Å spele konsert med den gamle norske harpa nettopp i den historiske Rosekyrkja, med det gamle sagnet om Harpeberget ikkje langt unna, og i eit område der harpetradisjonen var levande ein gong, og der det også er bevart ei harpe frå, gir denne konserten ein heilt eigen atmosfære.

Saken fortset etter annonsa

– Så kvifor ikkje ta turen til Stordal og nyte ein liten time med roleg og fin harpemusikk på neste søndag kveld? spør Bjørnar Midtbust i Kyrkjehola kulturbeite.