Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Henvisning til feil vedtak

Fjord senterparti registrerer at Fjord Høgre og Fjord Frp går hardt ut i reportasje i førre Storfjordnytt under overskrifta «Vil ha Eidsdal skule inn att på investeringsbudsjettet – og stiller spørsmål ved fleire av prioriteringane til administrasjonen»

Saken fortset etter annonsa

Her vert det vist til kommunestyrevedtak frå 17. mars 2022 der kommunestyret fastsette ei økonomisk ramme på 19,5 millionar for renovering og oppgradering av Eidsdal skule.

Det som ikkje kjem fram i reportasjen, og heller ikkje er faktasjekka av journalisten, er at kommunestyret gjorde nytt vedtak i juni 2023 (KS-038/23) som følgjer:

«Vedlagte oversikt over prioritering og gjennomføring av investeringsprosjekt vert lagt til grunn for Fjord kommune sin aktivitet i 2023. Budsjettprosess for 2024 og ny økonomiplanperiode vil vere førande for prioritering vidare framover.»

I vedlegget som følgjer saka står det under Oppgradering Eidsdal skule: Prosjektet bør utsettast mtp. økonomisk omfang.

Det er altså dette som er det siste gjeldande vedtaket som kommunedirektøren skal arbeide etter. Høgre og Frp var ein del av fleirtalet i kommunestyret som gjorde dette vedtaket.

Saken fortset etter annonsa

 For ordens skuld vil vi bemerke at Fjord Senterparti hadde alternativt framlegg til vedtak i same sak som følgjer:

«Vedlagte oversikt over prioritering og gjennomføring av investeringsprosjekt vert lagt til grunn for Fjord kommune sin aktivitet i 2023, med ei endring. Renovering av Eidsdal skule vert å planlegge vidare og skal ha 1. prioritet. Budsjettprosess for 2024 og ny økonomiplanperiode vil vere førande for prioritering vidare framover.»

Forslaget fekk 8 røyster og fall.

Senterpartiet er – og har vore – tydelege på at renovering og oppgradering av Eidsdal skule skal prioriterast, og vil arbeide for å få fleirtal for dette også opp mot budsjettbehandling i kommunestyret 11. desember.