• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
Logo

lokalavisa for Indre

  • E-avis
  • Tips oss
Meny
  • Nyheiter
  • Sport
  • Kultur
  • Dødsannonser
  • Politikk
  • Landbruk
  • Næringsliv
  • Debatt
    • Kommentar
    • Leiar
    • Innlegg
    • Send inn leserinnlegg
  • Notisar
  • Lesarbilete
    • 2023
    • 2022
    • 2021
    • 2020
    • 2019
  • Fotominne
  • Attersyn
    • 2003
    • 2002
    • 2001
    • 2000
    • 1999
    • 1998
    • 1997
    • 1996
    • 1995
    • 1994
    • 1993
    • 1992
    • 1991
    • 1990
  • E-avis
  • Storfjordnytt-Appen
Logg inn
  • Mi side
  • Bli abonnent
  • Kundesenter
  • Tips oss
  • Kontakt
  • Tenester
  • Annonsar
  • Abonnement
  • Om Storfjordnytt
INNLEGG
3 minutter lesetid

Honnør til Eidsdal skule!

Flagging på 17. mai i 2024. Arkivfoto.
Bjørn Relling
Publisert: 15 mai, 2025 22:06
Oppdatert: 15 mai, 2025 10:15
Vil du svare på dette leserbrevet? Eller har du noe på hjertet?

8. mai 2025. Frigjeringsdagen for 80 år sidan. Ein viktig dato, og offisiell flaggdag. 

Saken fortset etter annonsa

Tidleg denne dagen bad eg kommunedirektøren og ordføraren sjå til at det vart flagga ved alle skulane i kommunen, sidan 2025 er eit viktig jubileumsår for frigjering og fred. Dagen er såleis viktig relatert til situasjonen i verda rundt oss, fjernt og nært. 

Deler av 8. mai sat eg i bil til Ålesund, og då eg passerte skulane i Valldal og Stordal hadde ingen av dei flagget oppe. Det var nokså rart å passere Stordal skule, der skuleplassen var fyllt av born og ungdom, med ei naken flaggstang «midt i» flokken, medan private flaggstenger i bygda hadde flagget til topps!

Eg veit ikkje kva som gjekk føre seg ved nokon av skulane i Fjord kommune, men at det kun var Eidsdal skule som hadde funne dagen viktig nok til å heise flagget, det forundra meg.

Denne dagen var aviser og radio «fulle» av artiklar og reportasjar om freden etter 2. verdskrig. 8. mai er viktig historie. «Det er viktig ikkje å gløyme, det er viktig å lære».

I ulike samanhengar vert det snakka mange fine ord om haldningsskapande arbeid for born og ungdom. Tenk om nokre av skuleelevane hadde fått i oppgåve både å heise, og  fire flagget. Eg trur dei hadde vore stolte, og det hadde vore viktig historiekunnskap. «Det er viktig å lære».

Saken fortset etter annonsa

Uansett, å heise flagget ved eit offentleg bygg på denne viktige dagen burde vere obligatorisk, sjølv om det ikkje er lovpålagt. Svaret frå kommunedirektøren var at etablert praksis er flagging ved rådhuset i Valldal og Stordal. Det svaret synest eg ikkje var godt gjennomtenkt i jubileumsåret, og eg stiller meg undrande til tenkjemåten. 

I tillegg til Eidsdal skule, takk òg til dei 3 alders- og sjukeheimsinstitusjonane i kommunen som braut den «etablerte praksisen», og flagga! 

Du vil kanskje også lese

Forlengar samarbeidet med verdsarvstiftinga med tre nye år Hofseth Aqua AS først ute med ørret i nedsenkbare merder Russarfangane i Valldalen Default ThumbnailEndra flaggreglementet til Fjord kommune

Storfjordnytt
Postboks 134, 6211 Valldal
Olavsgata 8, 6210 Valldal

Organisasjonsnummer: 960 134 311
Bankgiro: 4020 05 01774

Kontakt oss
70 25 78 50
post@storfjordnytt.no
annonse@storfjordnytt.no

Redaktør og dagleg leiar
Britt Ingunn Maurstad

954 93 011

britt@storfjordnytt.no

Redaksjon
Tina Emilie Hoel

977 62 387

tina@storfjordnytt.no

Torbjørn Storås

954 28 005

torbjorn@storfjordnytt.no

Annonsar
annonse@storfjordnytt.no

Storfjordnytt er lokalavisa for Fjord kommune og tillegg dekkjer vi delar av Stranda kommune. Avisa kjem ut ein gong i veka, kvar torsdag.

Følgj oss

  • Facebook
  • YouTube

Kundeservice: Bestill abonnement // Elektronisk utgave // Annonsebestilling // Kontakt // Personvernerklæring

Storfjordnytt arbeider etter Vær varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk. Sjå også Redaktøransvar.

Storfjordnytt © 2025 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no