I ei uroleg tid treng vi å styrke den psykiske helsa vår

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Den psykiske helsa vår vert påverka av mange faktorar – både faktorar som har utgangspunkt i oss sjølve, men den urolege verdssituasjonen påverkar sjølvsagt også den mentale helsa vår.
Dagleg ser vi bilete av folk som er ramma av krig. Andre stader opplever folk store naturkatastrofar grunna klimaendringar. Også måten vi lever på i dag, gjer at mange kan kjenne seg einsame. Sosiale fellesskap forvitrar, og der ein i tidlegare tider vende blikket utover mot samfunnet, ser ein i dag ein gjennomgåande tendens til at unge menneske vender blikket innover i seg sjølv. Mange gir uttrykk for angst og manglande aksept av seg sjølv. Einsemd kombinert med ei uroleg og skiftande verd, kan gjere oss meir sårbare og svekke den mentale helsa vår.
Då vert det ekstra viktig at vi lærer oss korleis vi kan styrke evna vår til eigenomsorg og lære oss å handtere stress og uro på ein betre måte. Til å hjelpe oss med det, har Mental Helse Fjord invitert psykolog og histrieforteljar Hilde Johanne Aasfoss til Stordal onsdag 15. oktober. Aasfoss har både fagleg innsikt og erfaring som kan vere oss til nytte. Ho fortel fine historier som kan gi oss gode verktøy for betre livsmeistring.
Vi har erfaring for at mange set pris på desse årlege markeringane av Verdensdagen for psykisk helse der det vert sett fokus på mental helse, og ynskjer alle velkomne.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Mental Helse Fjord og Nasjonalforeninga Stordal Helselag, med økonomisk støtte frå Sparebanken Møre.