Jan Eggum i Rosekyrkja

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Kyrkjehola kulturbeite inviterer til ny konsert 9. august. Då er det klart for ein av Norges beste soloartistar – uansett sjanger – i Rosekyrkja! Jan Eggum kjem nemleg på besøk, og i følgje Bjørnar Midtbust i Kyrkjehola kulturbeite, ventar dei full kyrkje denne kvelden.
Jan Eggum trivst i dei fleste samanhengar; i stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester – til og med saman med songkor. Det er likevel noko heilt eige å oppleve Eggum åleine med gitaren, og gjerne i eit lite, intimt lokale. Dette kan du verkeleg få oppleve i Rosekyrkja denne kvelden, når Eggum kjem på besøk med turnéen sin; Observatør!
Med ein karriere som spenner over fleire tiår, har Jan Eggum skapt ein imponerande katalog av songar som rører ved hjartet. Med sine djuptgåande tekstar har han oppnådd ein status som ein av Norges mest respekterte artistar og melankolikarar!
Eggum er klar til å trollbinde deg med dei tidlause låtane sine. Og anten du er ein trufast fan eller aldri har opplevd han live før, så vil du ikkje bli skuffa!
– La deg rive med av Jan Eggum sin unike stil og lune humor, la deg fange av framføringane hans, anten det er dei melankolske balladane som treff deg rett i hjartet, eller dei meir oppstemte og fengande låtane som får det til å rykke i godfoten. Dette blir stas, seier Bjørnar Midtbust.