Julefest på Valldal skule
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Tysdag 16. desember var søsken, foreldre og besteforeldre invitert til den årlege julefesten på Valldal skule. Småskulen hadde øva inn eit variert program med fleire songar, dans og dramatisering av snekker Andersen og julenissen.
Elevane imponerte med å ha god kontroll på tekst og framføring. Det er tydeleg å sjå at elevane koser seg med å underhalde gjestane sine.
Etter programmet var det tid for mat og prat rundt borda. Det var kjekt å møtes, det kunne vi sjå og høyre på den gode stemninga rundt omkring i lokala. For elevane, og lærarane, var det veldig kjekt med mange gode og positive tilbakemeldingar på programmet. Ein fin kveld med flinke elevar og lærarar.
God jul til alle frå oss på småskulen!



