Kjære mannfolk – kvifor er de overrepresenterte?
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I 2020 var 87 prosent av dei som vart anmeldt for ruskøyring i Noreg menn. Dette er ein trist statistikk – at mannfolka er stabile fyllekøyrarar.
Eit raskt googlesøk på mannfolk og ruskøyring viser at dette er noko som har skjedd over heile landet heilt fram til i dag, då mange ulike aviser skriv om det.
Kvifor er det slik? Kva kan vi alle gjere for å redusere fyllekøyringa, og då først og fremst hjå menn?
Det er nok ulike årsaker til at folk køyrer i ruspåverka tilstand. Førebyggjande arbeid i skular, idrettslag, fritidsklubbar og andre lag og foreiningar er viktig.
Dette at ein oppmodar kvarandre til å ikkje kombinere rus og ferdsel i trafikken er alltid eit gode.
IOGT har programmet Sterk&Klar med opplegg for foreldre, personar med minoritetsbakgrunn og idrettsleiarar om korleis vaksne kan førebyggje rusbruk hjå ungdom.
Tal viser at det er nesten dobbelt så mange menn som kvinner som skadar seg på elsparkesykkel. I den statistikken er det ikkje kartlagt om det er rus involvert.
Men(n) – kva er det som gjer at mannfolka er overrepresentert både her og der i trafikken på måtar som ikkje er helsefremjande, og som kan gå ut over andre trafikkantar.
Sommaren er ei lys og fin tid. Vi i IOGT Region Midt-Norge håper mannfolka klarer å snu denne trenden med køyring i ruspåverka tilstand og at dei ikkje lenger skadar seg dobbelt så mykje som kvinnene på elsparkesykkel.
IOGT har ein sommarkampanje der vi samarbeider med Vinmonopolet. Dei har mange alkoholfrie drikkar i sortimentet sitt. Har du prøvd dei? Dei kan du prøve anten du er mann eller kvinne.
God sommar!
IOGT Region Midt-Norge
leiar Per-Arne Lillebø og
infomedarbeidar Hjørdis
Almelid Vikenes