Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Komande veke startar vi opp att 

Valldal hornmusikklag vil med dette ønske nye og gamle medlemmar hjarteleg velkomne til ein ny og spennande korpssesong.

Saken fortset etter annonsa

Er du ny i bygdene våre? Saknar du kanskje det å spele i korps? Bli med i Valldal hornmusikklag då vel, for vi treng deg. Ja nettopp, DEG!

Spelar du klarinett, kornett, horn, slagverk – eller noko heilt annet og er gira på å bli med? Vi har plass til mange fleire, og særleg deg som kanskje nyleg har flytta til området og saknar eit sosialt og musikalsk miljø.

Vi er ganske aktive; vi spelar under Festspela i Geiranger, det er julekonsert, nyttårskonsert, musikkaféar, sommarkonsert – og vi har dei siste åra gjort det til ein tradisjon å ta turen til Trondheim og NM. I 2026 deltek vi i sjettedivisjon. For å nemne noko av det vi held på med. 

Evgenii Zhukov har vore dirigenten vår dei siste åra. Han er fløytist, er opphavleg frå Russland, men har i mange år budd på Stranda. Han er flink til å finne spennande, variert og utfordrande musikk til oss. 

Vi er ein sosial gjeng – der kaffipausen under øvingane er like viktig som å spele. Kvifor? Fordi trivsel er viktig – trivst vi ikkje, så blir det så som så med spelinga også.

Saken fortset etter annonsa

Vi øvar onsdagar i kultursalen på Martin Linge-huset i Valldal frå kl 19 til kl 21.15. Ta deg ein tur då vel, eller kontakt oss på post@valldalhornmusikklag.no eller slå på tråden til leiar Hans Olav Muri (tlf 48082110) eller Britt Ingunn Maurstad (tlf 95493011) om du har spørsmål.

Sjåast vi på øving då kanskje…?