Løysinga ligg i nyskaping og vilje til å tenkje nytt!

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Debatten om vidaregåande skular i distrikta handlar ofte om låge elevtal. Men det verkelege problemet er ikkje at det blir fødd for få barn – det er at fylkeskommunen og utdanningsdirektoratet ikkje har klart å tilpasse skulane til ei ny tid.
Løysinga ligg i nyskaping og vilje til å tenkje nytt, ikkje i nedlegging.
Skal distriktskulane vere konkurransedyktige og bli valde av elevane, må dei ha eit tilbod som er like attraktivt som skulane i byane. Då må vi samarbeide på tvers av skular, bruke fjernundervisning på ein måte som jamstillast med tradisjonell undervisning, og sikre individuell oppfølging for dei som treng det mest. Vi kan ikkje akseptere at den fysiske plasseringa til lærarane set grenser for kva tilbod dei vidaregåande skulane skal ha. Då kan vi like godt gravleggje skulane med det same. Teknologi og pedagogikk må gå hand i hand – ikkje for å kutte i talet på lærarar, men for å bruke ressursane betre.
Vi må også bli flinkare til å knyte utdanningstilbod til det som skjer i næringslivet. Sjå på dronar som døme: Ei norsk framtidsnæring med stort potensial både for sivile og militære arbeidsplassar. På veg til å bli ein storindustri, med store potensiale innan for transport, inspeksjon, søk og redning både i luft og vatn.
I Sykkylven ligg ei av fleire bedrifter som utviklar og byggjer norske dronar. Kvifor ikkje lage eit utdanningstilbod på distriktskulane som byggjer på dette? Her finst det store moglegheiter for samarbeid med næringsliv og forsvar.
Eit anna tilbod kan være «småskala» landbruk med økologiske produkt. Eit samarbeid med REKO- ringar. Eit tilbod som bidreg til å holde liv i mindre landbrukseigedommar, med sunnare og meir miljøvenleg matproduksjon. Eit prosjekt som kan få støtte frå Eu og norske styresmakter.
Nedlegging av skulane er ikkje ein naturleg konsekvens av låge fødselstal. Det er eit resultat av manglande vilje til å satse, og tilpasse seg tida vi lever i.
No må fylkeskommunen og utdanningsdirektoratet på bana – saman med kommunar og næringsliv – for å sikre distriktsungdommen eit likeverdig tilbod. Ingen er tent med urbaniseringa og utarming av distrikta – aller minst ungdommen sjølv.