Storfjordnytt
5 minutter lesetid

Møte i Sørsida Seniorklubb

Torsdag 4. september var det atter pynta til samankomst i Kjellarstova.

Saken fortset etter annonsa

Det var første møte etter ferien, så det var spanende å sjå kor mange som kom. 32 personar inntok lokalet, slettes ikkje verst for det første møtet.

Denne gongen hadde vi tre eminente gjester frå Valldal; ordførar Terese Jemtegård, helse og sosialsjef Sindre Erstad og varaordførar Jens Aklestad.

Wenche ønskte velkomne til alle fine folka våre, spesielt til gjestane våre. 

Fyrst tende vi lys for fire som hadde gått bort i bygdene sidan sist, ein frå Geiranger og tre frå Eidsdal. Det er alltid trist å lese opp slike namn, men livet rår vi ikkje over.

Wenche las ei lita forteljing og eit dikt:

«Menneska som har opplevd korleis
det er å miste nokon man elskar,
eller som har ei fortid som har etterlatedjupe spor i deg,
vil alltid vera blant dei som elskar djupare
og lengre enn dei fleste andre.
dette fordi at når du har erfart dei mørkaste sidene ved tilværelsen
setter du større pris på dei tinga som fyller deg med lys.»

Etterpå song vi «Dei nære ting».

Så vart politikarane sin tur. Dette er ikkje mi komfortsone, så eg gav ordet til Øivind Eide. Han starta med å presentere noko av det som Inger Daggå og han sjølv arbeider med for pensjonistane. Dei er lagets representantar over fjorden. Dei har lagt fram ymse til politikarane før, men veit ikkje om det har skjedd så mykje. Han siterte: etter val er gjennomført, vert alle politikarar demente, dei huskar ikkje lovnadane. Tør vi vere einige? Han hadde sansen for desse kvinnelege ordførarane i kommunen, dei ser alle, pratar med alle, og at ordførar Terese inviterer  bygdefolket til ein prat  på butikken, er særdeles positivt. Han fortalde dei om oppstarten på bygginga av omsorgsbustaden i Eidsdal, pensjonistlaget som var den gang, var nokre staute folk. Dei spytta inn 20 prosent av startkapitalen i bygget, imponerande. Elles skrytte han av Helselaget og Røde Kors kor dei hjelpte og dreiv på for dei eldre. 

Så var det ordførar Terese sin tur. Ei koseleg og blid dame med glimt i auget. Ho snakka om styring, arbeid gjennom planar. Alle må vere med å lage desse planane. Mange av planane vert ikkje gjort om ein ikkje tek tak i dei. Ho snakka mykje om noko dei arbeidde med no, prosess Levekårsplan og Livsløptrappa. Det var ikkje ein fasit, men ein pekepinn til oss (planen ligg i kjellarstova for innsyn).

Ordføraren snakka om ymse, det var kjekt å høyre på. Så fekk varaordførar Jens kome med sine tankar. Han syntest det var lærerikt å få kome hit til oss, så han ville kome attende. Eldre er ein god ressurs, og han meinte pensjonistmøta er ein god møteplass. Han snakka om hus-/leilighetsbygging for eldre i kommunen og drog fram døme frå andre kommunar. 

Helse- og sosialsjefen fekk også eit innlegg. Han snakka også om trappa. Snakka også om at eldre skal bo heime så lenge som mogleg, men ikkje for ein kvar pris. Han var stolt av dugnadsånda og frivilligheita her på sørsida – og inviterte til samarbeid om eldreplanen.

Saken fortset etter annonsa

Dette var ein positiv gjeng, tykte som sagt det var triveleg å kome hit og ville kome attende. Som takk fekk dei kvar sin blome.

Så var vi nede på jorda igjen.

Wenche las eit dikt av Jostein Kvithaug: Mareritt (liddeleg bra).

No begynte vi å verte svoltne, men først måtte vi ha nokre tonar frå «Karane våre». Dei kom med mange songar, både før og etter maten: «Kom sommarvind», Eit Luftslott i det blå, Tek du med ei helsing, No kjem ein vals, Brunkullans vals, Før i såg de, Vandringsmenn syng, En enkel melodi, Kjærlighetsvisa og kanskje fleire. Gjestane våre hadde god songstemme…. 

Etter ei ykt med musikk, var det tid for mat.

Alle hadde med seg noko å sette på bordet, reinaste bryllaupsbordet vart det. Det var alle slags godsaker, så alle vart mette.

Åresalget gjekk godt, samstundes som praten surra godt.

Det vart orientert om festen i oktober, og etterlyst hjelparar. Det er plass til fleire for førebuing av festen, vi tek imot all hjelp med takk.

Hjarteleg takk til alle for oppmøte, veldig kjekt…..latter og glede.

Helsing 
Wenche og gjengen