Mykje aktivitet i og ved Rosekyrkja

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Christina og Christian valde å ta frukosten sin ved Rosekyrkja denne vakre junidagen. Dei kom frå Nürnberg i Tyskland og køyrde i ein bil som kanskje var stor nok til å overnatte i også.
Dagen er 7. juni, og alt er klart for sommarsesongen i Stordal bygdetun. Det er nyslåtte plenar, og alt er på stell. Her er det full fart med turistsesongen.
Vi har bestilling frå mange turistskip i tida framover. Det er ikkje berre Ålesund og Geiranger turistane vil sjå. På vegen mellom desse to stadane ligg Rosekyrkja lagleg til for stopp. Mange av dei same turistane skal også til Nilsgardstunet for å få lunsj.


Astrid er på plass. Ho smiler og myser kanskje litt mot den sterke morgonsola der ho sit på stabburstrappa, men ho er klar for sin tredje sommar som guide i Rosekyrkja. For dei som ikkje kjenner Astrid på bildet, er det fulle namnet hennar Astrid Larsen Stavseng. Ho fann seg også ein plass på galleriet i kyrkja der ho tok eit bilde av Kristian som fortalde om Rosekyrkja til dei engelsktalande turistane frå skipet NCL Prima.

For dei som ikkje kjenner Kristian på bildet, er det fulle namnet hans Kristian Almås. Bussen som frakta turistgruppa denne dagen, er også stordaling. Sjåføren står til høgre på bildet og heiter Jonny Flem, og dei to andre er to tilfeldige turistar i gruppa. Det verkar som Bjørn Ove Olsen og Storfjord Turbuss a.s. har nok å gjere for tida.
Rosekyrkja og bygdetunet står også klare for arrangementa som Kyrkjehola kulturbeite avviklar framover sommaren. Det første arrangementet får vi 13. juni.