Storfjordnytt
9 minutter lesetid

Når du en gang kommer, neste sommer

Det var en gang en sommar i nitten hundre og nittitre…

Saken fortset etter annonsa

Det var berre akkurat slik ein kunne skimte sjøen, Oslofjorden var tettpakka med rekebåtar. Dette var ikkje rekebåtar som dreiv med tradisjonell reketråling, nei dei som leigde desse båtane dreiv med tråling etter kontraktar og kontaktar etter innfallsmetoden.

Aldri so gale at det ikkje er godt for noko tenkte Stig, den mellomste guten frå Poldgarden der han lesste reker på tallerkenen. Det var ikkje berre rekene han var nøgd med, kvitvinen rann også gratis i glasa. Det var som eit himmelrike for ein Sunnmøring som nett hadde flytta til hovudstaden. Med eit fekk han auge på eit kjent andlet, det var Johan som han studerte med i England, Johan er rett nok ikkje sunnmøring men gratis mat og drikke dug også om ein er frå Skjetten.

Stig var i ferd med å etablere ein venekrets. Då Johan og Stig kom litt i prat spurde Stig Johan «vil du vere venen min» «Ja» svarte Johan. No over 30 år etter er desse karane fortsatt gode vener.

Men historia starta ikkje i 1993, den starta fleire år før. Då Stig reiste til England for å studere. Ei tid etter reiste også Johan til England i same ærend. Båe to hadde tidlegare prøvd livet i utlendigheit, Johan i Frankrike og Stig i Libanon.

I England dyrka Stig si interesse for sport og spelte volleyball mens Johan var meir kunstnarisk anlagt og spelte i ein viseduo. Denne duoen hadde han saman med kompisen Øyvind.

Johan og Øyvind spelte eige materiale på norsk for studentane, både engelske og norske song lukkeleg med. No var det nok slik at norsk ikkje var det som låg fremst i språkøyro til engelskmenn men dei song «Hødigødi» av full hals og tykte det var klingande norsk.

Det var nok lettare for viseduoen å lage finurlege norske tekstar enn å finne eit velklingande namn på duoen som passa både for engelske og norske tilhøyrarar. Etter ein velukka konsert der engelskmennene var i fleirtal, ser ein nøgd engelskmann duoen ved baren og ropar på klingane norsk «Hødigødi». Då var leitinga over og Hødigødiband vart skipa.

Då dei kom attende til Noreg fortsetter Hødigødiband, og hadde fleire oppdrag der dei spelte eigne songar.

I denne perioden prøvde Øyvind seg på Thai Chi som er ein kinesisk kampsport med eit heller snevert miljø på Oslo vest. I dette miljøet vert han kjend med ein ung mann, og etter kvart fortel Øyvind om Hødigødiband.

Ein mørk kveld på ein brun pub på Oslos austkant kom Thai Chi-kameraten saman med nokre andre ungdomar inn døra. Dei sette tydeleg pris på songane og song av full hals på refrenget til «Uforpliktande sex». Den eine av jentene var det rett nok noko kjent med og ho kom opp på scena og kora for Hødigødiband denne mørke kvelden.

Nokre veker etter dette spør Thai Chi-kompisen om Hødigødiband ville spele på Skaugum då prinsessa fylde år.

Hødigødiband var ikkje tunge å be og stilte sjølvsagt opp på Skaugum og heldt konsert for prinsessa og ein mindre del av kongeriket.

Om Johan er frankofil skal ikkje seiast, men at Frankrike sette varige spor i guten kan ikkje skjulast. Rett etter han kom heim frå England gjekk han til innkjøp av ein raud Citroen 2CV. Johan tok også med seg den franske køyrestilen som i kort går ut på at den som viker, har tapt. Noko den vesle franske dama etter kvart bar preg av, men som mange andre kvinner gløymer ho fort og lar seg sjarmere av ein kvikk kommentar, eit lurt smil og ei kjærleg hand.

Når ein har mykje å gi er det ikkje rart at også andre fell for sjarmen, og slik gjekk det til at det kom ei anna fransk kvinne seglande inn i Johan sitt liv. Den vesle franske dama fekk etter kvart ein plass ved tidlegare ærverdige Bislet stadion. Desse to fann felles trøyst i felles skjebne i solskinn og regn, det vert nokre tunge år for båe to.

Stig har ein yngre bror som i desse tider fylde 30 år. Dette vart feira på Raude Kors-huset i Eidsdal saman med tre jamaldringar. Konseptet var enkelt, alle som meinte dei hadde noko med jubilantane å gjere var velkomne, men føresetnaden var at dei var over 18 år og måtte både skrive seg på lista som var i døra og krysse ut at dei var komne. Dette måtte vere slik for om øvrigheita skulle kome innom var dette ein lukka fest med liste over deltakarane.

Dette vart ingen liten fest då den starta med koking av lapskaus på dugnad fredag ettermiddag, hovudfest laurdag med 150 deltakarar og på søndag i tolv-tida vart dei siste berga heim av sine næraste.

Dei fire jubilantane hadde leigd inn eige band som spelte, pausane til bandet vart tekne etter fysiologiske behov for påfyll og vasslating.

Stig som også var med på festen hadde tatt med Hødigødiband på Sunnmørstur denne påska. Desse karane hadde nyst spelt på ein annan bursdagsfest og tenkte at det var naturleg å spele på ein til. Det var nok ei klassereise frå fornemme Skaugum til småbønder på bygda, men som Johan sa «Når promilla har sett seg syng alle med den stemma dei har».

Etter ein jamsession på scena og litt langt nede i eit glas med det lokale brygget, lurte Johan og Øyvind på om yngstebroren til Stig ville vere med på eit prosjekt saman med Hødigødiband og ein trommis frå Oslo.

Og slik kom det til at Sofagruppa vart starta, eit firemannsband som spelte eigne låtar i ein bakgård på Kampen i Oslo.

Ein dag det var øving fortalte Johan at den gamle franske dama måtte finne seg ein ny kavaler, og den som vil ha ho kan kome og hente ho. Ho kunne gå utan medgift, men om ho vert gift vidare skal Johan ha halve medgifta.

Kvelden etter ringte yngstebror til Stig til Johan og seier at han var klar for litt fransk kjærleik, men vart skuffa når der hadde vore ein beilar tidlegare. Nokre dagar gjekk sunnmøringen og sparka småstein men brått lyste det i telefonen og han som var først i køa hadde ikkje dukka opp.

Saken fortset etter annonsa

1. juli 2005 flytta yngstebror til Stig attende til Poldgarden i Eidsdal med familie. Med på lasset følgde ei lita nett fransk dame. So slik kom det til at den franske dama sette bo i Poldgarden og yngstebroren vart småbrukaren.

Etter som åra gjekk vart den franske dama sett på låven og gløymd i 15 år, men stor var gjensynsgleda då småbrukaren ein vårdag rydda låven og fann att den gamle kjærleiken. Gleda var nok større enn undringa då den gamle dama tente på begge sylindrane. Småbrukaren hadde ikkje gløymt gamle kunstar tross alt. So då var det berre å pusse av støvet og sette på skilt.

Det er nok slik at båe to har mista mykje av glansen gjennom åra, men som ein god ven sa då han såg dei putre av garde ein fin sommardag med taket nede og hatt på hovudet, «Sjarmen kan no ingen ta frå dei».

Førre året fylde Stig 60 år då var det stor fest i Bunnefjorden med både nye og gamle vener. Johan har ikkje lagt gitaren på hylla og har i periodar hatt eigne konsertar blant anna på Litteraturhuset i Oslo, i tillegg har han vorte mykje brukt i ulike filmar.

So på festen hadde han sjølvsagt konsert. Då slo det småbrukaren at det bør vere mogleg med konsert i Poldløa og gjenforene Johan og den gamle franske dama, om ikkje meir enn for ei helg. So tenkt so spurt og Johan sa sjølvsagt ja.

Då Småbrukaren skulle reise frå Bunnefjorden søndagen, var også Johan klar til å reise. Gjennom vindauget i bilen vart det utveksla telefonnummer og avtale om konsert i Råkkestova i Poldløa der den franske dama bur neste sommar.

Det var nesten som ein kunne høyre ei fransk dame med aksent synge:

«Når du en gang kommer
Neste sommer
Skal jeg atter være her
Og vi skal synge gamle sanger om igjen
Når du engang kommer
Neste sommer
Skal vi atter drikke vin
Og vi skal snakke sammen
Om de samme gamle ting…»

Velkomen til konsert i Poldløa 28. juni kl 21, dørene opnar kl 20, aldersgrense 18 år.