Nedbygging av vidaregåande skular – eit sjansespel

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
«Møre og Romsdal skal vere eit attraktivt og mangfaldig fylke der folk vel å bu». Dette vert slått fast i fylkesplanen. Det ser ikkje ut til at dette har vore førande for fylkesadministrasjonen sine forslag for framtidig struktur for dei vidaregåande skulane.
Det er lite forsking på konsekvensar av nedbygging av vidaregåande skular. Dei få rapportane som er tilgjengelege, konkluderer med at konsekvensane er usikre, og det trengst meir forskingsbasert kunnskap.
Somme forhold blir likevel trekte fram som negative eller risikofylte: Auka risiko for dårlegare prestasjonar og fråfall. Rekrutteringa til lokalt næringsliv og til fritidsaktivitetar blir svekt. Kompetansearbeidsplassar går tapt. Ungdom som reiser ut tidleg, får ein «lengre veg» heim.
Det blir også peika på at større skular kan gi eit breiare fagtilbod, og at unge kan få nye og positive erfaringar i eit større miljø.
Hovudargumentet for nedleggingar og samanslåingar, særleg frå utdanningsbyråkratiet, er økonomi og innsparing. «Fasiten» blir gjerne at i bedriftsøkonomisk forstand er store skular meir kostnadseffektive.
Skular kan bli for små, men kvar grensene går er vanskeleg å slå fast. Ofte er det budsjettlogikken som rår. I eit fylke som Møre og Romsdal er det opplagt at ikkje alle skular kan ha hundrevis av elevar.
Fylkesadministrasjonen meiner at å legge ned Tingvoll vgs vil gi ei innsparing på om lag 13 millionar kroner frå 2029. Å slå saman Stranda og Sykkylven vgs gir ei berekna innsparing på noko over 5 millionar kroner. På den eine sida verkar dette som småpengar, på den andre sida er det truleg for optimistisk når både elevar og lærar skal transporterast over store avstandar. Dessutan veit vi at «uventa» kostnader har ein tendens til å dukke opp.
Elevar flest har lite å hente på slike samanslåingar. For dei som har lengst reiseveg, eller må bu på hybel, er det stort sett berre ulemper.
Innsparingar på eitt område får ofte negative konsekvensar på andre område, og kan bli samfunnsøkonomisk ulønnsame. Dersom fråfallet aukar eller gjennomføringa blir svekt, har dette ein samfunnsøkonomisk kostnad.
Det finst ulike vurderingar av kva elevfråfall kostnader. Eit ofte brukt tal er 1,3 millionar kroner i livsløpkostnad per person. Dessutan er på sin plass å minne om at meir enn 4000 unge under 30 år står utanfor både arbeid, utdanning og nav-støtte i Møre og Romsdal. Dersom ein fekk halvparten av desse til å ta utdanning, ville ein utlikne fallet i elevtal. Dette er inga enkel oppgåve, men innsatsen på dette området må i alle fall trappast opp.
Fylkeskommunane har den siste tida fått eit betydeleg utvida ansvar for utdanning av både unge og vaksne. Dersom dette blir tatt på alvor, er det ikkje opplagt at den framtidige «overkapasiteten» blir så stor som det blir hevda. Her må også skulane vere på offensiven.
I slike perspektiv blir innsparingane av sentraliseringsforslaga småpengar, samstundes med at mange unge blir skadelidande.
Det er opplagt at område som mister den vidaregåande skulen sin blir mindre attraktive – både å bu i og å flytte til. Dermed endar ei eventuell nedbygging som eit stort sjansespel, stikk i strid med viktige mål for Møre og Romsdal.