Nynorsk salmebok 100 år – markering i Geiranger

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I år er det 100 år sidan Nynorsk salmebok vart utgitt for første gong. Dette var i si tid ei storhending både for folket, for nynorsken og for kyrkja. Framleis står dei nynorske salmane sterkt, ikkje minst i distriktet vårt.
Stranda mållag og Festpela har gått saman om ei tilskiping i Geiranger kyrkje laurdag 27. september. Her skal 100-års jubileet markerast.
Ei salmebok på nynorsk vekte også motstand og strid i si tid.Anders Hovden og Bernt Støylen, begge frå Sunnmøre, var strategane bak salmeboka. Dei var sentrale aktørar både på vegner av nynorsken og på vegner av kyrkja. Salmeboka har spelt ei viktig rolle både for nynorsk som språk i kyrkja, og for nynorsken som eit nasjonalt språk.
Professor Per Halse vil gjennom innlegg og refleksjonar kaste lys over nettopp dette. I tillegg medverkar Skodje kyrkjekor, og det vert helsing frå Noregs mållag. Og sjølvsagt blir det allsong med tekst og tonar frå den unike salmeskatten.